Bruvoll (Fedje gnr 169 bnr 60)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bruvoll
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 60
Adresse: Kremmarholmen 23

Bruvoll er ein bustadeigedom, brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Jenny Langeland f. 1919 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 2-5b) d. 2013 g. 1945 m. Normann Godfred Olsnes f. 1915 Vaksdal d. 2005 (jf Vaksdalb. I s 594 og Kongestølen gnr 169 bnr 10-2), bygningsmann. Skøyte 1952 på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 same året. Huset vart òg bygd i 1952. Dei flytta til Bergen i 1983, etter at Normann hadde pendla dit i over 25 år.

Born: a. Vigdis Grethe Olsnes f. 1946 g. 1967 m. Ove Søilen f. 1945 Bergen, busette der. b. Sigrunn (Mona) Adele Olsnes f. 1952 var g. 1972 m. Johannes Instefjord f. 1953 Brekke i Gulen, bustad Bergen. c. Jan-Normann Olsnes f. 1958 samb.m. Bodil Østmo-Sæter f. 1960 Bergen, bustad Li i Fjell, Øygarden kommune. – Jenny fekk i 1974 skøyte på ein ideell halvpart av gnr 169 bnr 2. I 2014 arva dei tre borna denne parten, slik at dei eig ein seksdel kvar. I 2014 fekk dei òg skøyte på bnr 60, som vert brukt som fritidsbustad.


Fedje komm.svg Bruvoll (Fedje gnr 169 bnr 60) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Vågeneset (Fedje gnr 169 bnr 47) • Neste bolk: Holmen (Fedje gnr 169 bnr 62)