Vågeneset (Fedje gnr 169 bnr 47)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vågeneset
S335.169.47.Fab8.jpg
Fab. Nr 8, den gamle sardinfabrikken, i 2021. Ein fransk seglbåt ligg til kais.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 47
Adresse: Kremmarholmen 41, 43, 45 og 47

Vågeneset er ein næringseigedom med eit leilegheitskompleks i Fedje kommune.

Tidligere eiere

1. Feie Fiskarlag fekk skøyte 1946 på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 same året. Det var tanken å setja opp eit anlegg for mottak og foredling av fisk her, men dette vart det ikkje noko av på denne plassen (sjå Steinborg gnr 168 bnr 29-4).

Sardinproduksjon på Bjelland omkring 1975. Til høgre Dortea Duesund. Bak frå venstre Emma Kristensen, Klara Moldøen.

2. Chr. Bjelland & Co AS, Stavanger fekk overta denne tomta, og fekk skøyte i 1952. Dei reiste eit industribygg som stod ferdig i 1953. Det vart starta sardinproduksjon her, med mellom 50 og 60 arbeidsplassar, tre firedelar av dei tilsette var kvinner. Selskapet skifta namn til Norway Foods Ltd AS i 1984. Det rasjonaliserte sardinproduksjonen og la ned mange av fabrikkane sine, m.a. denne på Fedje. Produksjonen her slutta av i 1995.

3. Havstad Tinn AS, Frogn i Akershus (sjå Svena gnr 168 bnr 422-2), kjøpte industribygget i 1997. Selskapet dreiv produksjon av gåveartiklar og bruksgjenstandar i tinn.

4. Land & Strand Eiendom AS ved Tore Andre Frugård f. 1967, bustad Bergen, fekk skøyte i 2015. Fabrikken er ombygd til eit leilegheitskompleks (fire husvære for utleige) med selskapslokale, konferanserom og flytebryggje. Kafeen Fab. Nr 8 heldt til her. Fedje Vaktmestertjenester AS fekk skøyte i 2022.

Seksjonert leiligheit

5. Nina Hovland f. 1960, bustad Bergen, kjøpte leiligheit (seksjon 4) her i 2016. Den vart brukt som fritidsbustad.

6. Søsterselskapet AS, sjå Kopper (gnr 168 bnr 231-4), fekk skøyte på leiligheiten av nr 5 i 2022.

Fedje komm.svg Vågeneset (Fedje gnr 169 bnr 47) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Brunes (Fedje gnr 169 bnr 33) • Neste bolk: Bruvoll (Fedje gnr 169 bnr 60)