Kvalneset (Fedje gnr 170 bnr 11)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvalneset
S456.170.11.IMG 2340.JPG
Anlegget med hus og siloar til bnr 11 Kvalneset i 2021. Rognsvågen ligg til høgre, og bakom er Kopper med Skipshaugen (bnr 231), kyrkja i bakgrunnen.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 11
Adresse: Rognsvågen 18

Kvalneset er ein eigedom i Fedje kommune.

1. Då kvalfangsten starta opp på Fedje rett før siste krigen, vart det bygd ein kvalstasjon her av selskapet Kjøbmanskjær i Tønsberg. Den tok imot spekk og bein av vågekval og brugdelever. Fedje Tranfabrikk AS vart skipa, og fekk skøyte på tomt frådelt Moldøyna gnr 170 bnr 5 i 1941. Produksjonen i tranfabrikken heldt fram til byrjinga av 1960-talet. Driftsstyrar var Leif Wiig frå Tønsberg f. 1893 d. 1977. Han budde i bustadhuset som vart bygd på anlegget. Hushaldar var Agnes Iversen f. 1901 Mulen (gnr 169 bnr 14-1a) d. 1974. Dei budde først på kommunehuset, sjå Svena gnr 168 bnr 102-1. Wiig arbeidde som mekanikar i kommunen nokre år etter at tranfabrikken slutta av, reiste seinare tilbake til Tønsberg.

2. Fedje kommune fekk skøyte her i 1966. I 1967 vart anlegget skøytt til S/L Hordafisk, som bygde nytt fabrikkbygg og større kaianlegg. Skøyte 1973 på tilleggsareal gnr 170 bnr 25 frådelt Moldøyna gnr 170 bnr 5 i 1968, og gnr 168 bnr 237 frådelt Husa gnr 168 bnr 9 året før. Formjølsfabrikken vart starta i 1968, og slutta av i 1987. Den første driftsstyraren budde i bustadhuset her:

3. Leif Arthur Vestvik f. 1915 Fusa d. 1995 g. 1943 m. Martha Helene Såtendal f. 1919 Austevoll d. 1995 (jf Austevollb. II s 580). Dei kom hit frå Fusa i 1968 med dei to yngste borna. I 1983 flytta dei tilbake til Fusa (sjå Fusab. III s 544).

Born: a. Kjell Henrik Vestvik f. 1944, bustad Oslo, seinare Bergen. b. Haldis Margot Vestvik f. 1950, bustad Hosteland (jf Masfjordb. I s 327). c. Liv Marit Vestvik f. 1957 g. 1977 m. Leif Berg f. 1951 (gnr 168 bnr 49-2b), busette der (3). d. Vigdis Irene Vestvik f. 1959, bustad Os, Bjørnafjorden kommune.

4. Svena Eigedomsselskap AS fekk skøyte her i 1987. I 1988 skøytte det anlegget til AS Storfor, som starta produksjon av fiskefôr her, etter ei ombygging av anlegget. I 1991 var det slutt på denne verksemda.

5. Idar Tangen f. 1963 (sjå Husøyna gnr 168 bnr 247-8) fekk skøyte her i 1994. Han har delvis opprusta anlegget, og tilrettelagt det for aktivitet i oljeverksemda.

Fedje komm.svg Kvalneset (Fedje gnr 170 bnr 11) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Flagghaugen (Fedje gnr 168 bnr 516) • Neste bolk: Strandvoll (Fedje gnr 170 bnr 15)