Magneheim (Fedje gnr 168 bnr 247/256)

Magneheim er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

Magneheim
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 247/256
Adresse: Flundrevågsvegen 23

1. Ole Martin Tveter f. 1948 Fetsund i Fet, platearb., g. 1967 m. Solbjørg Granås f. 1949 Rælingen, Akershus d. 1977. Skøyte 1975 på tomt bnr 247 frådelt Stuberg gnr 168 bnr 19 og bnr 256 frådelt Nord-Tangen gnr 168 bnr 25. Huset vart bygd same året. Familien flytta til Fetsund i 1977.

Born: a. Magne Tveter f. 1967, bustad Fetsund. b. Mariann Tveter f. 1973 d. 1988.

Ole Martin g.2.g. 1987 m Randi Jensen f. 1949, dei flytta til RidabuHamar.

2. Fedje kommune fekk skøyte her i 1977, og har brukt huset som utleigebustad for kommunalt tilsette. Ein del av tomta gnr 168 bnr 408 vart frådelt bnr 247 i 1997, og gnr 168 bnr 409 frådelt bnr 256 same året, slik at huset no står på bnr 408/409.

Leigebuarar

3. Karl Henrik Nesse f. 1951 Bergen g. 1976 m. Gerd Elin Skauge f. 1955 Myking, Lindås (jf Mykingb. s 703, ho er brordotter til Håkon Skauge, sjå Svena gnr 168 bnr 102-2), begge sjukepleiarar. Dei budde her då Karl Henrik var styrar på sjukeheimen frå 1979 til 1982. Dei flytta då til Myking, no i Alver kommune.

Born: a. Torbjørn Nesse f. 1978 d. 2025, bustad Bergen, seinare Eidsnes i Lindås, Alver kommune. b. Synnøve Nesse f. 1981 g. 2006 m. Christian Filberg f. 1981 Oslo, busette der, seinare i Tønsberg. c. Marit Daniella Nesse f. 1983, bustad Horten.

4. Audun Birger Håvik f. 1956 Kvinnherad, sjukepleiar, g. 1977 m. Hildegunn Solheim f. 1959 Almås i Åsane, Bergen (jf Åsaneb. II s 333), pleiemedhjelpar, leigde her då Audun var styrar på sjukeheimen frå 1983 til 1987. Han er søsterson til Emma Tangen, Svena gnr 168 bnr 171, sjå der. Sidan flytta familien til Flaktveit i Åsane.

Born: a. Camilla Håvik f. 1977, bustad Åsane. b. Eivind Håvik f. 1978, bustad Yven i Sarpsborg. c. Kristoffer André Håvik f. 1993, bustad Bergen.

5. Torild Berg, Trondheim f. 1949 var styrar på sjukeheimen i vel eitt år frå hausten 1987, og budde her. Så flytta ho til Eid i Nordfjord, og seinare til Gjerstad.

6. Frøydis Johansen f. 1939 Farsund var tilsett som organist, musikklærar og korps/kordirigent frå 1992 til 1994, og var busett her. Sidan reiste ho tilbake til Farsund.

7. Erling Herøy f. 1955 Husa (gnr 168 bnr 90-2a) g. 1994 m. Grete Algrøy f. 1956 Fjell d. 2021 var busette her frå 1994 til 2004. Dei overtok heimehuset hans.

8. Idar Tangen f. 1963 Svena (gnr 168 bnr 175-1b) g. 1986 m. Janne Nordby f. 1966 Stormark (gnr 172 bnr 117-1c). Idar har drive bensinstasjonen på Steinborg (gnr 168 bnr 29-4) sidan 1989. I tillegg driv han anleggsverksemd og eigedomsutvikling. Sjå òg Brotet gnr 168 bnr 77-2, Svena gnr 168 bnr 358 og gnr 170 bnr 11-5. Dei budde før på Husøyna gnr 168 bnr 208-3. Skøyte på bnr 408/409 i 2004.

Born: a. Christian Tangen f. 1986, bustad Husøyna (gnr 168 bnr 282-4). b. Marianne Tangen f. 1988, bustad Brotet (gnr 168 bnr 77-3). c. Linn Tangen f. 1990, bustad Opphaugen (gnr 168 bnr 69-3).


  Magneheim (Fedje gnr 168 bnr 247/256) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Øitun (Fedje gnr 168 bnr 246) • Neste bolk: Kirstentun (Fedje gnr 168 bnr 248)