Rognsvågen (Fedje gnr 167 bnr 3)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rognsvågen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 167
Bnr: 3

Rognsvågen er eit gardsbruk i Fedje kommune.

1. Hans Olsen f. 1824 Kopper (gnr 168 bnr 2-10d) d. 1910 g. 1856 Manger m. Anna Marie Monsd f. 1835 Hernar, Øygarden d. 1901 (dotter av Mons Endresen f. 1795 d. 1866 og Mari Johannesd f. 1807 d. 1866, dei hadde òg dottera Malena f. 1851, mor til Marius Eriksen Sulo, sjå Opphaugen gnr 168 bnr 13-23). Anna var søskenbarn til Berta Sulo (gnr 169 bnr 27-1). Hans var halvbror til brukarane på gnr 167 bnr 1 og gnr 167 bnr 2 i Rognsvågen, så det var mykje familie her. Hans og Anna budde først på Hernar, der dei to eldste borna er fødde. I 1861 flytta dei hit. Året etter fekk dei festesetel av Kristoffer og Arnold Kahrs på denne plassen med jord. Den vart kalla Varden. I 1865 hadde dei 2 storfe og 3 sauer, og sådde ⅟16 tn havre og 2 tn potet. I 1875 var dyretalet 1 ku, 1 kvige og 4 sauer, og utsådet ⅓ tn havre og 1¼ tn potet. I 1865 hadde dei Bertel Andersen (Nedst-Tangen gnr 168 bnr 27-14g) som tenar og visargut (!). Hans var fiskar.

Hans Rognsvåg f. 1824.

Born: a. Kari Hansd f. 1857 d. 1937 g. 1886 Gulen m. Jakob Arnesen f. 1849 Steinebø d. 1929, budde der (sjå Gulenb. II s 325). b. Marie Olina Hansd f. 1861 d. 1948 g. 1884 m. Ananias Simensen f. 1857 Skotholmen (gnr 170 bnr 1-15e) d. 1902, brukarar der (16). c. Massi Hansd f. 1864 d. 1926, neste brukar (2). d. Olina Hansd f. 1869 d. 1960 g. 1901 m. Lars Henrik Endresen f. 1878 Kråkenes, Solund i Sogn d. 1942 (jf Solundb. II s 477), budde der. e. Agata Hansd Rognsvåg f. 1873 d. 1957, ugift, hushjelp, budde i Lerøyna, Austrheim. f. Hans Andreas Hansen Rognsvåg f. 1877 d. 1926, ugift, fiskar, budde her.

2. Massi Hansd Rognsvåg f. 1864 på denne plassen (le) d. 1926 g. 1890 m. Karl Johan Kristensen f. 1867 Sylta, Radøy d. 1896 (jf Radøyb. I s 385, son av Kristen Olsen f. 1838 og Anna Marie Klemetsd f. 1839, sjå skifte Husa gnr 168 bnr 7-12). Johan var bror til Anna Skotholmen (husmenn 3). Han var fiskar. Han kollsegla på Fedjefjorden, og vart attfunnen på Byrknes i Gulen. Massi hadde ei ku.

Born: a. Kristoffer Johansen Rognsvåg f. 1890 d. 1948, neste brukar (3). b. Hans Martin Johansen Rognsvåg f. 1891 d. 1972, sporvegsarb., g. 1917 m. Ingeborg Marie Arnesd f. 1882 Hella, Radøy d. 1955 (jf Radøyb. II s 284), budde i Bergen, c. Amandus Johansen f. 1893 d. 13 dg. gl. d. Fredrik Olai Johansen Rognsvåg f. 1895 d. 1980, sjåfør, g. 1917 m. Olufine Bertilde Rasmusd f. 1893 Åråsvågen, Austrheim d. 1971 (sjå Austrheimb. II s 332), bustad Bergen, son da. Fritz Rognsvåg f. 1926 d. 2002 g. 1952 m. Lena Berg f. 1929 (gnr 168 bnr 49-1d) d. 2010.

3. Kristoffer Johansen Rognsvåg f. 1890 på denne plassen (2a) d. 1948 g.m. Andrea Marie Rasmusd f. 1875 Åråsvågen, Austrheim d. 1947 (dotter av Rasmus Olsen f. 1847 og Andrea Andreasd f. 1849, jf Austrheimb. II s 332). Ingen born. Marie var søster til Olufine g.m. 2d ovanfor. Kristoffer fekk i 1918 skøyte for 900 kr frå Fedje Torvbruk på dette bruket frådelt bnr 1 i 1917. Det fekk samstundes namnet Neset. Kristoffer og Marie sette opp sitt eige hus her. Dei dreiv jorda, og hadde ei ku. Kristoffer var fiskar og slaktar, og elles gravar. Det var og han som ringde, fyrte opp og trødde orgelet i gamlekyrkja. Huset med tomt brukt av nr 2 vart frådelt og seld i 1928, sjå gnr 167 bnr 6.

4. Severine Alvhilda Larsen f. 1935 d. 2004 v/verge faren Mikal Larsen Ulvøy, Austrheim fekk skøyte her i 1948. Ho var dotterdotter til 1a ovanfor, mora var Amanda. Mikal flytta huset til sin heimstad på Sætre i Austrheim (sjå Austrheimb. II s 100), slik at det berre vart jorda og uthus igjen av dette bruket.

5. Nils Stokholm f. 1898 (gnr 170 bnr 1-16e) d. 1962 fekk skøyte i 1953. Han var søskenbarn til Kristoffer (3). Nils sin bror Severin Stokholm f. 1885 (gnr 170 bnr 1-16a) d. 1979 fekk skøyte i 1963. Sonen hans Ole Stokholm f. 1923 (gnr 170 bnr 1-17i) d. 2008 vart eigar i 1971. Brorson til Ole, Oddleif Stokholm f. 1953 (gnr 170 bnr 1-18d), bustad Åsane i Bergen, frå 2022 Skotholmen gnr 170 bnr 14, fekk skøyte i 2001.


Fedje komm.svg Rognsvågen (Fedje gnr 167 bnr 3) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Rognsvågen (Fedje gnr. 167/2) • Neste bolk: Brekke (Fedje gnr. 167/4)


Koordinater: 60.784024° N 4.7298027° Ø