Brekke (Fedje gnr 167 bnr 4)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Brekke (Fedje gnr. 167/4)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Brekke
S039.167.4.CD 11 087.jpg
Rognsvågen på Fedje. Huset til bnr 4 framme, bnr 1 bak, 1963.
Foto: Widerøes Flyveselskap
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 167
Bnr: 4
Adresse: Rognsvågen 68

Brekke er eit tidlegare småbruk og no ein fritidsbustad i Fedje kommune.

1. Martin Gudmundsen Rognsvåg f. 1885 (gnr 167 bnr 1-3j) d. 1955 g. 1912 m. Elisabeth Ludviksd f. 1885 Husa (gnr 168 bnr 9-9b) d. 1975. Skøyte 1921 for 300 kr på tomt frådelt gnr 167 bnr 1 same året. Huset var bygd i 1917. Martin var i USA to gonger før han vart gift, m.a. i Alaska på laksefiske. På Fedje var han òg fiskar. Dei hadde kyr og sauer her til om lag 1950.

Born: a. Gudny Ågot Rognsvåg f. 1912 d. 2010 g. 1933 m. Richard Børhaug f. 1910 (gnr 168 bnr 33-1e) d. 1979, sjå Kopper gnr 168 bnr 61-3 og Børhaugen gnr 168 bnr 60-3. b. Ester Lilly Rognsvåg f. 1914 d. 1994, fekk med Olav Magnus Rognsvåg f. 1918 (gnr 167 bnr 2-7c) d. 1936 sonen ba. Åsmund Rognsvåg f. 1937, vaks opp her, g. 1959 m. Åshild Hellesland f. 1935 Stord, bustad Odda. Sjå Rognsvågen gnr 167 bnr 13. Ester reiste til USA 1938, g. der m. Trygve Rasmussen f. 1913 Hidra (sjå Moldøyna gnr 170 bnr 5-16dc) d. 1989, bustad Jacksonville, Florida. c. Synneva Marie Rognsvåg f. 1916 d. 2003, neste eigar (2). d. Edvin Martin Rognsvåg f. 1920 d. 1970 g. 1955 m. Marie Østrem f. 1929 Vadsø, sjå Opphaugen gnr 168 bnr 114-2.

2. Synneva Rognsvåg f. 1916 på dette bruket (1c) d. 2003 g. 1939 m. Kristoffer Severin Korneliussen f. 1914 Bergen d. 2005 (familien hadde gard på Fonnebost i Lindås frå 1923, sjå Lindåsb. III s 446). Skøyte her i 1953. Synneva arb. Bjelland i 10 år frå 1953. Kristoffer var fiskar, anleggsarb. og kontrollør formjølsfabrikk.

Born: a. Kari Synneva Korneliussen f. 1941, butikkeksp., g. 1961 m. Reidar Arthur Sture f. 1935 Øygarden, bustad Åsane i Bergen. b. Helge Ottar Korneliussen f. 1947, neste eigar (3). c. Elin Marie Korneliussen f. 1949, pleiemedhjelpar, var g.1.g. m. Roald Magne Torskhelder, Osterøy f. 1947 (bytta namn til Solheim, jf Opphaugen gnr 168 bnr 114-2a), g.2.g. m. Kjell Håvik f. 1950 Bømlo, busette Fitjar.

3. Helge Korneliussen f. 1947 på dette bruket (2b), HMS- og opplæringsleiar, g. 1966 m. Rigmor Fosse f. 1948 Alverstraumen, Lindås, butikk-/kontormedarbeidar, busette der, no Alver kommune (jf Alversundb. I s 92). Han fekk skøyte i 2006 på bnr 4, som vert brukt som fritidsbustad.

Born: a. Trond Helge Fosse Korneliussen f. 1967, bussjåfør, var samb.m. Dina Kirstine Hilland f. 1972 Alversund, busette der, Alver kommune (sjå Alversundb. II s 719). Han flytta til Vågseidet i Lindås, Alver kommune. b. Kurt Eirik Korneliussen f. 1969, serviceteknikar, g. 2003 m. Venke Bø f. 1968 Knarvik i Lindås, busette der, no Alver kommune.


Fedje komm.svg Brekke (Fedje gnr 167 bnr 4) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Rognsvågen (Fedje gnr. 167/3) • Neste bolk: Nesheim (Fedje gnr. 167/6)


Koordinater: 60.7826105° N 4.7265957° Ø