Lia (Fedje gnr 168 bnr 283)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lia
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 283
Adresse: Mulevegen 34

Lia er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Erna Husa f. 1939 (gnr 168 bnr 12-8c), omsorgsarb., g. 1968 m. Nils Finne f. 1939 Bømlo (sjå Bømlob. I s 167), bakar, busette Flateby, Enebakk i Akershus. Ho fekk skøyte på tomta med våningshuset til gnr 168 bnr 12 i 1977, etter at den vart frådelt same året. Huset vart utleigt ei tid.

Barn: a. Torill Finne f. 1971 g. 1998 m. Ole Johan Gusland f. 1971 Larvik, busette der.

2. Svein Kleppe f. 1953 Sulo (gnr 169 bnr 72-2c) d. 1997 g. 1974 m. Kari Irene Fjelland f. 1951 Kvinnherad. Dei leigde her i byrjinga på 1980-talet. Familien flytta til Flisa, Hedmark. Ekteskapet oppløyst, Kari Irene busett Kvinnherad.

Born: a. Solveig Synnøve Kleppe f. 1974, bustad Halsnøy i Kvinnherad. b. Lars Kristian Kleppe f. 1977 samb.m. Anette Huus f. 1985 Sauda, bustad Stord. c. William Kleppe f. 1982, bustad Stord.

Svein samb.m. Grethe Hatlem f. 1944, Stormark gnr 172 bnr 20-5.

3. Roald Husa f. 1960 Uthaugen (gnr 168 bnr 67-4c), oljearbeidar, g. 1982 m. Hilda Johanne Hjelme f. 1962 Øygarden, sjukepleiar. Skøyte i 1987 frå nr 1. Dei reiv det gamle huset, og sette opp nytt i 1988. Familien flytta til Arefjord i Fjell, Øygarden kommune, og bruker huset som fritidsbustad.

Born: a. Richard Magne Husa f. 1982, oljearbeider/brønnhodespesialist, g. 2011 m. Julianne Nielsen f. 1986 Haugsbygda, Gursken i Sande på Sunnmøre, vernepleier/teiknspråklærar, bustad Ulsteinvik i Ulstein. b. Maria Kristin Husa f. 1987, sjukepleiar, g. 2011 m. Kristian Smith-Hella f. 1985 Manger, Radøy (jf Radøyb. III s 277), oljearbeidar/geolog, bustad Fjell, Øygarden kommune. c. Martin Husa f. 1992, kvalitets- og HMS-ingeniør, g. 2019 m. Hanna Christina Voll f. 1992, økonom, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Lia (Fedje gnr 168 bnr 283) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Anneli (Fedje gnr 168 bnr 279) • Neste bolk: Solly (Fedje gnr 168 bnr 298)