Husøyna 32 (Fedje gnr 168 bnr 336)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Husøyna 32
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 336
Adresse: Husøyna 32

Husnøyna 32 er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Fedje kommune fekk skøyte på tomt frådelt gnr 168 bnr 208 i 1984. Det vart bygd ein tomannsbustad her same året. Den austre delen (bustad 7B) vart frådelt og seld i 2010, sjå gnr 168 bnr 485.

Leigebuarar

Bustad 7A

2. Per Arne Moldøen f. 1966 (gnr 170 bnr 2-18g), arb. akvakultur, var samb.m. Nordis Helene Holmås f. 1968 Lindås. Dei budde her frå 1988 til 1991, då Nordis og Trine flytta til Lindås (sjå Lindåsb. III s 606 og 640). Per Arne var dagleg leiar i Vågar Havbruk AS frå 1990 til 1993. Selskapet dreiv med lakseoppdrett, andre eigarar var Karstein Moldøen (gnr 170 bnr 31-3) og Paul Knapskog (Husa gnr 168 bnr 193-1a) som òg arbeidde i selskapet.

Barn: a. Trine Merete Moldøen f. 1987 g. 2012 m. Kim-Arild Johannessen f. 1989, busette på Lindås.

Per Arne g. 1995 m. Aase Marie Rusten f. 1970 Stavanger, grafisk utformar, bustad Bømlo. Ekteskapet oppløyst. Per Arne samb.m. Aina Helen Grønås f. 1976 Bømlo.

3. Mariann Storhaug f. 1961 Nygård (gnr 172 bnr 116-1a), fiskeindustriarb., busett her frå 1995, overtok heimehuset på Nygård, sjå der.

4. Iris Waage f. 1976 (gnr 172 bnr 145-1a), reinhaldar/vektar, kjøkkensjef. Sjå Moldøyna (gnr 170 bnr 3-25).

Born: a. Andrea Marcella Waage f. 1996, bustad Svena gnr 168 bnr 343-8 (far Asbjørn Lyngbø f. 1966 Askøy). b. Hanne Leah Birtilid Waage Rognsvåg f. 2005. c. Stina Elisabeth Waage Rognsvåg f. 2006. d. Kirsti Margrethe Waage Rognsvåg f. 2007.

Bustad 7B

5. Rita Tangen f. 1968 Svena (gnr 168 bnr 175-1c) g. 1992 m. Einar Idsøe f. 1963 Stavanger var busette her frå 1992 til 1999, seinare bustad Husøyna (gnr 168 bnr 374).


Fedje komm.svg Husøyna 32 (Fedje gnr 168 bnr 336) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Flundrevågsvegen 13 (Fedje gnr 168 bnr 327) • Neste bolk: Husøyna 41 (Fedje gnr 168 bnr 337)