Husøyna 34 (Fedje gnr 168 bnr 485)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Husøyna 34
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 485
Adresse: Husøyna 34

Husøyna 34 er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Jan Torry Jenset Sande f. 1972 Tomrefjorden i Vestnes, Romsdal (jf Vestnesb. III s 483) g. 2001 m. Dagrun Gunnarson f. 1972 Kløfta i Ullensaker. Dette er den austre delen av ein tomannsbustad bygd i 1984, sjå Husøyna gnr 168 bnr 336. Tomta vart frådelt i 2010, skøyte same året. Dei flytta hit i 2000, då Torry vart tilsett som kultursekretær i Fedje kommune. Seinare var han arkivansvarleg, arbeidde på økonomikontoret, på personalavdelinga, på skulekontoret og så som samfunnsplanleggjar til 2022, deretter sjølvstendig næringsdrivande med reinhaldsbyrå. Frå 2023 konsulent arkiv Fedje kommune. Dagrun var personalmedarbeidar i kommunen frå 2001, seinare personalsjef og leiar fellestenester, frå 2022 dagleg leiar Norsk Revy på Høyanger nord i Trøndelag. Dei flytta dit i 2023, og nyttar huset på Fedje som sekundær- og fritidsbustad.

Born: a. Gaute Sande Gunnarson f. 2003. b. Ylva Sande Gunnarson f. 2007.


Fedje komm.svg Husøyna 34 (Fedje gnr 168 bnr 485) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husøyna 53 (Fedje gnr 168 bnr 483) • Neste bolk: Husøyna 45 (Fedje gnr 168 bnr 495)