Rognsvågen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kartet syner grenselinene for dei tre hovudbruka i Rognsvågen. Seinare frådelingar er omtala i teksten.
Rognsvågen på Fedje-kart.JPG

Rognsvågen er ein våg på nordaustsida av Fedje. Bruka som ligg på austsida av vågen har fått namn etter den. I daglegtalen vert området kalla Varden, etter varden på Vardeskjeret. Namnet Rognsvågen kjem av den høgda som ligg her. Truleg har den tidlegare vore kalla Rogn (ifølgje O. Rygh). «Rong» kan tyda krum eller langstrakt høgd, og dette kan passa bra for landskapet her.

Den første busetnaden i Rognsvågen kom rundt 1810 med to familiar. Pussig nok hadde ingen av desse born. Det kom derfor nye folk her på 1830-talet med to søsken og ektefellar, og det er same slekta som er her enno på dei to hovudbruka. Bygselbrevet til gnr 167 bnr 1 er skrive på panteregisteret til Kopper, medan det til gnr 167 bnr 2 er skrive på Eide. Dette tyder på at jorda her har tilhørt desse to gardane. I matrikkelen for 1838 er dei to bruka i Rognsvågen oppførde for seg sjølve, og har altså vortne utskilde som eigne bruk. I tillegg var det ein husmannsplass her. I seinare tid har det vorte frådelt bustadtomter og hyttetomter.


Fedje komm.svg Rognsvågen er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Fedje sine eigarar • Neste bolk: Rognsvågen (Fedje gnr. 167/1)