Kopper (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kartet syner grenselinene til dei fem hovudbruka på Kopper etter utskiftinga av innmarka i 1899. Seinare frådelingar er omtala i teksten.
Kopper Fedje kart.JPG

Kopper og Husa er dei eldste og største gardane på Fedje. Lenge vart dei i skattemanntal o.l. nemnde som «gardar», medan dei andre bruka på Fedje vart kalla «plassar».

Dette har sjølvsagt samanheng med at Kopper og Husa har den beste og mest vidstrekte jorda.

Kopper ligg mellom Kyrkjevågen og Rognsvågen. Namnet kan ha samanheng med ein høgde - ein pull som i ein hatt - på staden, som kan liknast med ein kopp (O. Rygh). Skrivemåtane har skifta litt gjennom tidene, Kopperenn i 1522, Kaaber i 1701, Kaapper i 1724, Kobber i 1740, Kaaper i 1754, Kopper i 1563, 1666, 1723, 1801, 1835 og 1865, Koppen i 1610, 1620, 1855, 1875, 1891 og 1900. Kopper og Koppen vart lenge brukt om kvarandre, men Koppen vert einerådande når ein kjem innpå 1900-talet. Framleis vert Kopper nytta i daglegtalen.

Fram til rundt 1665 var det berre eitt bruk på Kopper. Det vart då ei deling i to bruk, mens det vart skilt ut to bruk til i 1746 - 1747, slik at det i alt vart fire bruk. Den gamle landskylda var på 1½ våg fisk (eller 2 pund og 6 merker smør), som vart delt likt mellom dei fire bruka. Denne bruksdelinga varte stort sett utan endring heilt til bortimot år 1900, då ein byrja å skilja ut partar og tomter i takt med folketalsauken.

Kopper er nemnd første gong i dei skriftlege kjeldene i 1522. Det er i rekneskapen for Bergenhus kongsgard (Norske Regnskaber og Jordebøker b. I-III), der «Haldwar i Kopperenn» må svara tiendepengeskatt med 1 mark. Det må vera den same Halvard som i 1520 betalte landskyld med 5 våger tørrfisk i 1520, og 6 våger tørrfisk i 1519. Me får vita farsnamnet hans i 1518, då «Haldor Ionsen, Ffediæ» betalte inn skuldig dronningsskatt (Ekstraskatt i samband med kong Kristian II's bryllaup i 1515) med 1 tønne fisk. Dermed har me fått namnet på den første kjende brukaren på Kopper, sjå Kopper gnr 168 bnr 1.


Fedje komm.svg Kopper (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Rognsvågen 88 (Fedje gnr 167 bnr 41) • Neste bolk: Kopper (Fedje gnr 168 bnr 1)