Nygård (Fedje gnr 172 bnr 16)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nygård
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 16
Adresse: Fedjemarka 26

Nygård er eit tidlegare bruk, no brukt som fritidseigedom, i Fedje kommune.

1. Karl Gudmundsen f. 1873 Husa (gnr 168 bnr 6-3b) d. 1948, Karl Olsen f. 1878 Sulo (gnr 169 bnr 34-2c) d. 1934, og Gregorius Gudmundsen f. 1878 Husa (gnr 168 bnr 6-3d) d. 1957 fekk i 1917 skøyte for 6000 kr frå Fedje Torvbruk på jord frådelt Stormark gnr 172 bnr 2 same året med skyld 45 øre. Dei var to brør og ei søster (g.m. Karl Olsen), og brorborn til Karsten Gregoriussen som flytta til Vågane (gnr 172 bnr 9-1), så det var medlemmer av den same familien (frå Husa gnr 172 bnr 6) som var nybyggjarar i Vågane og på Nygård.

Nygård vart delt i tre like bruk i 1929, med ein tredel på kvar familie, sjå nr 2 her, gnr 172 bnr 36 og gnr 172 bnr 37. Dei rydda jorda, og etter kvart vart det sett opp hus her.

2. Gregorius Gudmundsen Husa f. 1878 (gnr 168 bnr 6-3d) d. 1957 g. 1906 m. Kristina Henriksd Mundal f. 1886 Fjærland, Balestrand i Sogn d. 1953 (dotter av Anna Ellingsd f. 1852 d. 1897 og Henrik Olai Martinussen Skei f. 1845 d. 1911, jf Førdeb. II s 290). Som nemnt under nr 1 ovanfor kjøpte dei jord her i 1917. Etter at jorda vart delt i tre, fekk dei skøyte på denne parten med bnr 16 i 1929. Dei budde først på Svena (gnr 168 bnr 195), der dei sette opp hus. I 1922 flytta dei huset hit. Gregorius var reserveassistent på Holmengrå (gnr 169 bnr 3-8) frå 1911 til 1917. Han var fiskar og bygningsmann. På Nygård hadde dei kyr, gris og sauer. Borna tok tunnamnet som slektsnamn.

Born: a. Georg Johan Nygård f. 1907 d. 1972, neste eigar (3). b. Anna Henriette Nygård f. 1908 d. 1983 g. 1952 m. Trygve Hansen f. 1913 Trondheim d. 1974, busette der. c. Gerda Kristina Nygård f. 1910 d. 1969, ugift, budde her til rundt 1955, flytta til Austevoll, gravlagd Fedje. d. Andrea Johanna Nygård f. 1913 d. 1981 g. 1936 m. Arne Bjørn Johnsen f. 1911 Laksevåg, Bergen d. 1963, skipstømmermann, busette der. e. Ranveig Margreta Nygård f. 1918 d. 1946 g.m. Walter Spiegel f. 1918 Frankfurt an der Oder, Tyskland, dotter ea. Anne Kristine Spiegel f. 1945, flytta til Frankfurt om lag 1948 og vaks opp hjå faren, ho busett i Berlin. f. Lovna Beate Nygård f. 1922 d. 2010 g.m. Leif Krukoff Larsen f. 1924 Frosta, oppvaksen Trondheim d. 1998, bustad Trondheim. g. Gunvor Helene Nygård f. 1927 d. 14 dg gl.

3. Georg Nygård f. 1907 på dette bruket (2a) d. 1972, bygningsmann, trygdesjef frå 1957, g. 1935 m. Anna Stormark f. 1914 (gnr 172 bnr 10-2a) d. 2003, reinhaldar. Skøyte her i 1955. Anna flytta til dottera Sigrunn i 1985.

Born: a. Gunnar Nygård f. 1935 d. 2010, vaktmeister, g. 1965 m. Ragnhild Margrethe Klippen f. 1943 Leirvik, Stord d. 2014, jordmor, busette der. b. Sigfred Nygård f. 1937 d. 2017, industriarb., g. 1960 m. Inger Gustavsen f. 1940 Horten, kontormedarbeidar, busette der. c. Kirsten Paula Nygård f. 1938, kantinestyrar, bustad Kvinnherad, var g. 1956 m. Alfred Mehl f. 1933 Rosendal i Kvinnherad d. 2016, seljar, flytta til Voss. d. Karin Nygård f. 1940, dotter med Kjell Karlsen f. 1938 Bergen d. 2002 der da. Nina Nygård f. 1962 vaks opp her, g. 1987 m. Ingmar Moldøy f. 1961 Sulo (gnr 169 bnr 77-la) d. 2015, bygde på frådelt tomt (gnr 172 bnr 179). Karin g.m. Leo Wichmann Jensen f. 1939 Skagen, Danmark, bustad Hanstholm. e. Agnar Georg Nygård f. 1942 g. 1967 m. Jorunn Bråte f. 1948 (gnr 168 bnr 124-la), bustad Alvermarka i Lindås, Alver kommune. Sjå òg Brotet gnr 168 bnr 16-18. f. Sigrunn Nygård f. 1952 g. 1972 m. Geir Brensdal f. 1952 Stormark (gnr 172 bnr 31-3a), bustad Fjell, Øygarden kommune. Sjå òg gnr 172 bnr 150.

Dei seks søskena fekk skøyte her i 1976. Det er ein fritidseigedom.


Fedje komm.svg Nygård (Fedje gnr 172 bnr 16) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Nygård • Neste bolk: Storhaug (Fedje gnr 172 bnr 36)