Solberg (Fedje gnr 172 bnr 31)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solberg
S505.172.31.CD 07 007.jpg
Familiebilde Anton, Augun oq Gjertine framfor huset (bnr 31-1).
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 31
Adresse: Banevegen 15

Solberg er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Anton Johannessen Stormark f. 1889 (gnr 172 bnr 27-1f) d. 1934 g. 1923 m. Gjertine Sjursd f. 1891 Stormark (gnr 172 bnr 30-lh) d. 1951. Skøyte 1925 for 250 kr på tomt frådelt gnr 172 bnr 24 same året. Huset vart bygd i 1923. Det hadde støypt brønn, den første private på Fedje, med vasspumpe på kjøkkenet. Anton var skipstømmermann i utanriksfart, og dreiv fiske i friperiodane. Han omkom 22. februar 1934 saman med broren Johannes på seifiske sørvest for Fedje, då ein brottsjø velta inn over båten. Ingen vart attfunne.

Barn: a. Augun Antonsen f. 1923 d. 2012 g. 1947 m. Birgit Værøy f. 1926 Askvoll, Sunnfjord d. 2020, bustad Børhaugen (gnr 168 bnr 74-2).

2. Augun Eriksen f. 1929 Stormark (gnr 172 bnr 34-4d) d. 2013 g. 1950 m. Anny Alfredsen f. 1931 Stormark (gnr 172 bnr 22-lh) d. 2017 fekk skøyte i 1957, og flytta hit i 1958. Frå 1951 hadde dei budd på Dalekvam, Vaksdal, der Augun var tekstilarb. Dei selde huset i 1965, og kjøpte Stormark gnr 172 bnr 23, sjå der.

3. Olga Alfredsen f. 1933 Stormark (gnr 172 bnr 22-li) d. 2009, kokke, var g.l.g. 1952 m. Leif Clementsen f. 1927 Osterøy d. 2003, sjømann, busette Bergen. Han flytta til Askøy.

Barn: a. Geir Alve Brensdal f. 1952 g. 1972 m. Sigrunn Nygård f. 1952 (gnr 172 bnr 16-3f), bustad Fjell, Øygarden kommune. Sjå òg Nygård gnr 172 bnr 150.

Olga g.2.g. 1959 m. Peder Andreas Brensdal f. 1924 Bergen d. 1981, lagersjef/kontorarb. Dei fekk skøyte her i 1965.

Born: b. Arild Brensdal f. 1958, avdelingsleiar, g. 1981 m. Marta Aud Nilsen f. 1958 Austevoll (jf Austevollb. I s 556), bustad Fjell, Øygarden kommune. c. Ove Brensdal f. 1960, prosjektleiar, g.m. Anne Norunn Litlekalsøy f. 1956 Austevoll (søster til Aud g.m. b.), bustad Bergen. d. Bodil Brensdal f. 1964, barnehageassistent, samb.m. Kjell Arne Borgen f. 1960 Oslo (sjå Stormark gnr 172 bnr 148-1), elektrikar, bustad Oslo.

Olga flytta til Åsane i Bergen. Dei fire borna hennar fekk skøyte i 2009. Huset vert brukt som fritidsbustad.


Fedje komm.svg Solberg (Fedje gnr 172 bnr 31) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solbakken (Fedje gnr 172 bnr 30) • Neste bolk: Solstrand (Fedje gnr 172 bnr 32)