Solstrand (Fedje gnr 172 bnr 32)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solstrand
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 32
Adresse: Stormarkvegen 361

Solstrand er ein eigedom i Fedje kommune.

1. Theodor Johannessen f. 1893 Stormark (gnr 172 bnr 5-2f) d. 1956 g. 1921 m. Henrikka Olsd f. 1902 Husa (gnr 168 bnr 63-1d) d. 1982. Skøyte 1927 på tomt frådelt gnr 172 bnr 5 same året. Dei sette opp hus her. Theodor var fiskar. Han var eit par turar i USA på 1920-talet.

Born: a. Birgitte Johanna Stormark f. 1922 d. 2014 g.1.g. 1945 m. Kurt Johannes Franzen Denkwitz f. 1921 Wolkenstein i Tyskland, budde der, es. oppløyst eit par år etterpå, var g.2.g. 1956 m. Johnny Andresen, bustad Rygge i Østfold. b. Olga Amanda Johannesen Stormark f. 1923 d. 2012 g. 1956 m. Irving Roy Dalbak f. 1925 Bærum d. 1987, budde der. c. Thom Johannessen f. 1927 d. 2017, neste eigar (2). d. Jim Bertin Johannessen f. 1935 d. 2019 g. 1958 m. Bjørg Erlandsen f. Finnsnes i Lenvik, bustad Oslo. Ekteskapet oppløyst. e. Aage Eskjer f. 1942, bustad Oslo, seinare Bergen, var g.m. Tove.

Familien flytta til Bærum i 1947. Huset her vart rive og ført til Askøy eit par år etterpå.

2. Thom Johannessen f. 1927 på dette bruket (1c) d. 2017 g. 1956 m. Helene Synnøve Christoffersen f. 1936 Bærum, busette der. Han fekk skøyte på tomta i 1978.

Born: a. Thorild Johannessen f. 1956, bustad Oslo. b. Henning Johannessen f. 1957 d. 2017, bustad Bærum. c. Thom Erik Johannessen f. 1968, bustad Bærum.

3. Solveig Haakenstad Aase f. 1941 Østre Toten, Oppland samb.m. Lasse Bjørkhaug f. 1944 Bergen, busette der, fekk skøyte i 1994. Dei bygde fritidsbustad her i 1995.


Fedje komm.svg Solstrand (Fedje gnr 172 bnr 32) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solberg (Fedje gnr 172 bnr 31) • Neste bolk: Hustad (Fedje gnr 172 bnr 33)