Havtun (Fedje gnr 169 bnr 23)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Havtun
S368.169.23.CD 10 003.jpg
Trafikksentralen etter nybygginga i 1992.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 23
Adresse: Vidnappsvegen 49

Havtun er ein tidlegare bustadeigedom, no med losstasjon, i Fedje kommune.

1. Martin Karlsen f. 1897 Muleide (gnr 169 bnr 7-3 b) d. 1969 g. 1924 m. Anna Kahrs f. 1901 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-4a) d. 1970. Skøyte 1928 for 800 kr på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 same året. Martin var los, og sette opp huset her for å få godt utsyn over skipsleia. Då krigen kom, tok tyskarane huset. Dei brukte det til 1941, då det vart flytta til Kremmarholmen (gnr 169 bnr 62), der familien er ført.

2. Tyskarane bygde ein radarstasjon her under krigen. Loshytte vart bygd i 1952-1953, med fast vakthald og losstasjon. Losvesenet fekk skøyte på tomta i 1954. I 1992 vart den nye felles losstasjon og trafikksentral opna her.


Fedje komm.svg Havtun (Fedje gnr 169 bnr 23) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Solhaug (Fedje gnr 169 bnr 18) • Neste bolk: Utsikten (Fedje gnr 169 bnr 24)