Fjørøen (Fedje gnr 172 bnr 15)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjørøen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 15
Adresse: Fyrsundvegen 50

Fjørøen er ein eigedom i Fedje kommune.

1. Kornelius Olai Olsen f. 1878 Hatten, Øygarden d. 1962 (son av Ola Knutsen f. 1843 og Katrina Sjursd f. 1845 d. 1905) g. 1900 m. Sofie Johannesd f. 1869 Svellingen, Øygarden d. 1957 (dotter av Brita Martinusd f. 1826 d. 1905 og Johannes Simensen f. 1836, han var bror til Anna Kopper gnr 168 bnr 3-5). Sofie var søsterdotter til Ingeborg Husa (gnr 168 bnr 10-5), sjå meir der. Skøyte 1916 for 1200 kr på dette bruket frådelt gnr 172 bnr 2 same året. Dei flytta med huset frå Svellingen, og sette det opp her i 1917. Dei dyrka opp jorda, og hadde to kyr, ein okse og ein del sauer. Kornelius dreiv som slaktar ved sida av fisket.

Born: a. Joakim Olai Svelling f. 1901 d. 1964, reiste til USA i 1918, bustad Brooklyn, New York, seinare New Jersey, kalte seg Jack, fiskar, g. 1934 New York m. Gudny Gunvilde Tønnessen Lindevik f. 1907 Oddernes, Kristiansand d. 1994. b. Bolette Camilla Stormark f. 1902 d. 1999 g. 1943 Bergen m. Trygve Nielsen f. 1902 Bergen d. 1974, busette der. c. Konrad Severin Svelling f. 1904 d. 1985, budde i Brooklyn, New York, seinare i New Jersey, golvleggjar, så fiskar, g.m. Ågot Kristine Pettersen f. 1908 Oddernes, Kristiansand d. 1978, emigrerte 1928 (kusine til Gudny g.m. a.). d. Betsy Amalie Stormark f. 1906 d. 1984 g. 1924 m. Johannes Eriksen f. 1903 Stormark (gnr 172 bnr 34-2c) d. 1959, budde der (4). e. Jenny Gustava Stormark f. 1910 d. 2004, fekk sonen Jørund f. 1927 d. 1928 med Rudolf Samuelsen f. 1899 Bergen d. 1979 der. Jenny g. 1932 Bergen m. Mikal Sletten f. 1904 Bergen d. 1985, busette der. f. Konstanse Helena Stormark f. 1912 d. 1929 (tub.). g. Agnes Ragnhild Stormark f. 1913 d. 1929.

2. Konstanse Eriksen f. 1930 Stormark (gnr 172 bnr 34-4e) d. 2018, fiskeindustriarb., g. 1951 m. Ivar Mathias Berge f. 1924 Voss d. 2008, tømrar. Dei budde først på Voss, og kom hit i 1957. Skøyte 1958. Konstanse er dotterdotter til nr 1. Garasje vart bygd i 1996.

Born: a. Margunn Berge f. 1951 g. 1972 m. Arne Borgen f. 1942 Oslo, bygde på frådelt tomt gnr 172 bnr 148-1. b. Jan Berge f. 1954 g. 1976 m. Åse Uthaug f. 1957 Husøyna (gnr 168 bnr 242- la), bygde på frådelt tomt (gnr 172 bnr 143). c. Svein Berge f. 1958, neste medeigar (3). d. Kenneth Berge f. 1962, snikkar, bustad Mo i Rana, var g. 1983 m. Sølvi Kvåle f. 1961 Mo i Rana, busett der. e. Britt Marit Berge f. 1965 g. 1986 m. Reidar Jenssen f. 1964 Bergen, bustad Stormark gnr 172 bnr 138-2.

3. Svein Berge f. 1958 på dette bruket (2c), vedlikehaldsarb., busett her, fekk skøyte i 2014 saman med dei fire søskena.


Fedje komm.svg Fjørøen (Fedje gnr 172 bnr 15) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Fjærdal (Fedje gnr 172 bnr 14) • Neste bolk: Haugen (Fedje gnr 172 bnr 20)