Fjærli (Fedje gnr 172 bnr 138)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjærli
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 138
Adresse: Fyrsundvegen 46

Fjærli er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Sigleiv Hærøy f. 1944 Stormark (gnr 172 bnr 107-lb) d. 2007, styrmann, g. 1966 m. Ada Tine Lie f. 1946 Bergen (brordotter til Aase Borge, Stormark gnr 172 bnr 5-4, og søster til Sverre Lie, Stormark gnr 172 bnr 149). Skøyte 1974 på tomt frådelt gnr 172 bnr 14 same året. Huset vart bygd i 1976.

Born: a. Jan Sigleiv Hærøy f. 1968, sveisar, var samb.m. Else-Karin Iversen f. 1969, bustad Nesttun i Bergen, han flytta til Åsane i Bergen. b. Morten Hærøy f. 1970 d. 2008 var samb.m. Christine Børtveit f. 1980 Forland i Sund (jf Sundb. II s 273), bustad Voss. Hans seinare bustad Os, og hennar Forland, så Haugesund. c. Endre Hærøy f. 1976, adjunkt, samb.m. Ida Rambech Fosse f. 1978 Meland (jf Melandb. II s 396), bustad Hilland i Alversund, Lindås. d. Silvia Hærøy f. 1978, bustad Nesodden i Akershus.

Ekteskapet oppløyst. Sigleiv flytta til Veidholmen, SmølaNordmøre.

Ada Tine flytta til Kviste, Radøy med borna, g.m. Arvid Mangerøy f. 1948 Manger i Radøy (sjå Radøyb. V s 104).

2. Britt Marit Berge f. 1965 Stormark (gnr 172 bnr 15-2e), fiskeindustriarb., reinhaldar, ferskvaresjef butikk, g. 1986 m. Reidar Jenssen f. 1964 Bergen, vedlikehaldsarb., maskin- og industrimalar. Skøyte her i 1993. Dei budde tidlegare i Bergen.

Born: a. Kent-Are Jenssen f. 1986, røyrleggjar. b. John-Erik Jenssen f. 1989, tømrar/rørleggjar, samb.m. Janne Larsson Finseth f. 1990 Åsane i Bergen, låsesmed, bustad Alversund i Lindås, Alver kommune. c. Tina Konstanse Jenssen f. 1995, tavlemontør, g. 2016 m. Ørjan Lavik Helland f. 1994 Haugland i Radøy (sjå Radøyb. I s 727), elektrikar, bustad Vikane i Austrheim.


Fedje komm.svg Fjærli (Fedje gnr 172 bnr 138) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Bergheim (Fedje gnr 172 bnr 132) • Neste bolk: Vesttun (Fedje gnr 172 bnr 139)