Nymark (Fedje gnr 169 bnr 8)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nymark
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 8
Adresse: Mulevegen 164

Nymark er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Kristen Kristensen Sulen f. 1878 Husa (gnr 168 bnr 11-7e) d. 1960 g. 1902 m. Marie Andersd f. 1877 Byrknes d. 1934 (dotter av Anders Sørensen f. 1846 d. 1921 og Sygni Monsd f. 1852 d. 1880, sjå Gulenb. III s 209). Marie var brordotter til Johanna Moldøyna gnr 170 bnr 6-12. Kristen og Marie budde først på Byrknes, og flytta til Fedje i 1903. Skøyte på tomt for 100 kr i 1906, frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 same året. Det hørte ikkje jord til. Huset vart bygd om lag 1904. Skøyte på tomt til naust bnr 48 Dragstrand frådelt gnr 169 bnr 16 i 1946. Kristen var fiskar.

Born: a. Sofia Johanna Kristensd f. 1902 d. 1904. b. Karl Andreas Kristensen f. 1905 d. 1988, neste brukar (2). c. Konrad Malvin Kristensen f. 1907 d. 1984 g. 1946 m. Emma Bårdsen f. 1917 Sulo (gnr 169 bnr 44-2d) d. 1994, budde der (gnr 169 bnr 39). d. Sigurd Johan Sulen f. 1914 d. 1972 g. 1950 m. Solveig Borghild Svendsson f. 1920 Bergen (sjå Grenda gnr 168 bnr 17-15ia) d. 2013, budde i Bergen. Sigurd fekk skøyte på halvparten av bnr 8 i 1960, denne delen vart skøytt til brordottera Solveig (2b) i 1989.

Klassebilde 1949, born f. 1939/1940. Øvst frå venstre: Karl Karlsen, lærar Margit Stavenes, Amund Strand (litt gøymd), Tore Tangen. I midten frå venstre: Asbjørn Sulen, Harald Rognsvåg (bak), Marie Kristensen, Karin Nygård (litt gøymd), Rigmor Nilsen, Martha Husa, Berit Moldøy. Framme frå venstre: Ingunn Børhaug, Aud Kjeilen, Valbjørg Stuberg, Oddny Gullaksen.

2. Karl Kristensen f. 1905 på dette bruket (lb) d. 1988 g. 1931 m. Anna Malena Haugstvedt f. 1903 Osterøy d. 1987 (sjå Hosangerb. 1.1 542 og 43). Karl fekk skøyte på halvparten av bnr 8 i 1960, saman med broren Sigurd. 1 tillegg fekk Karl skøyte frå faren på halvparten av bnr 48. Karl var fiskar, medeigar M/S «Feieøy». Han var òg tilsett i Feie fiskarlag, og førte fisk til Bergen.

Born: a. Karsten Magnus Kristensen f. 1932 d. 1933. b. Solveig Margrete Kristensen f. 1936, barnehageassistent, g. 1963 m. Mikal Agnar Toska f. 1938 Radøy (jf Radøyb. III s 64), kontormedarbeidar, bustad Arna i Bergen, seinare Toska. c. Marie Kirsten Kristensen f. 1940, sjukepleiar, g. 1968 m. Tore Wassbakk f. 1942 Tromsø d. 1989, bilmekanikar, busette der.

3. Beate Nilsen Husa f. 1970 (gnr 168 bnr 235-la), lektor, g. 1994 m. Tord Ivar Marøy f. 1970 Bergen, adjunkt. Dei fekk skøyte på bnr 8 og halve bnr 48 i 1995. Den andre halvparten av bnr 48 kjøpte dei i 2001. Eit nytt bygg vart sett opp der i 2006, med vegadresse Mulevegen 168A. Tord var dirigent for musikkorpset frå 1989 til 1991. Ekteskapet oppløyst. Beate flytta i 2016, og har teke Storset Husa som etternamn, bustad Hundvin i Lindås, Alver kommune. Tord vart eineeigar i 2018, og flytta i 2022 til Granvin i noverande Voss herad.

Born: a. Magnus Johan Marøy f. 1998, journalist, bustad Bergen. b. Mathias Marøy f. 2002, prosessoperatør. c. Simen Marøy f. 2002, tømrar, bustad Stord (tvilling med b).


Fedje komm.svg Nymark (Fedje gnr 169 bnr 8) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kongestølen • Neste bolk: Kongestølen (Fedje gnr 169 bnr 9)