Granvin herad i Hordaland grensa til Voss i nord, Ulvik i aust, Ullensvang i sør og Kvam i vest. Administrasjonssenter og einaste tettstad var Granvin. Heradet vart den 1. januar 2020 del av Voss kommune, som då skifta namn til Voss herad.
Granvin var ein jordbrukskommune, med rikt beite for sau i fjellet. Det er dessutan ein del storfehald. Det er óg noko trevareindustri i kommunen. Etter andre verdenskrig har kommunen stort sett hatt nedgang i folketalet; i tiårsbolken 2004-14 med gjennomsnittleg 1,1 prosent i året.
Heradet hadde berre ein skule, Granvin barne- og ungdomsskule.
Kjelder og litteratur
Galleri
Klyngjetunet på Espeland.
Foto: Anders Bugge
Granvinkyrkja, som ligg ved Granvinsvatnet.
Foto: Nasjonalbiblioteket
Skjervefossen, fotografert i 1951.
Foto: Nasjonalbiblioteket
Hardangerbana, som gjekk mellom Voss og Granvin.
Foto: Nasjonalbiblioteket
Denne siden er en spire. Du kan hjelpe den til å vokse seg stor og sterk!
|
|
Denne sida er ei spire. Du kan hjelpe henne til å vekse seg stor og sterk!
|
|