Husmenn på Brotet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Husmenn på Brotet tek føre seg folket på fleire husmannsplassar under Brotet i Fedje kommune.

1. Erik Olsen f. 1701 på Austrheim (son av Ola Monsen f. 1655) g.1.g. m. Ingeborg f. 1707 (etter alder ved død) d. 1749. Erik var bror til Ingeborg Midt-Tangen (gnr 168 bnr 26-6/7, sjå skifte der) og morbror til Ola Jonasen Nord-Tangen (gnr 168 bnr 25-12). Denne slektskapen kjem fram m.a. i eit skifte i 1794 etter Erik si søster Marta Olsd på Tofting, Lygra i Lindås (jf Alenfitb. I s 327). Erik og Ingeborg budde først på Austrheim (sjå Austrheimb. III s 104), og har komme hit i byrjinga av 1740-talet. I kyrkjebøkene vart huslyden kalla Humpen, jf nr 4 på Brotet gnr 168 bnr 16!

Born: a. Knut f. 1723 d. ung. b. Marta Eriksd f. 1724 d. 1789 g. 1753 m. Rasmus Salomonsen f. 1726 Kitilsvik, Gulen d. 1786, brukarar på Kopper (gnr 168 bnr 1-12). c. Nils f. 1725 d. ung. d. Ragnhild Eriksd f. 1728 d. 1799 g.1.g. 1758 m. enkjemannen Knut Olson f. 1713 Villanger på Radøy d. 1764, budde der, g.2.g. 1765 i Manger m. Nils Andersen f. 1740 Mjøs på Radøy d. 1812 (61 år gl i 1801, jf Radøyb. I s 199 og 301). e. Ola Eriksen f. 1736, d. før 1789, då han ikkje er nemnd i skiftet då. f. Mons f. 1730, nemnd i ei militær rulle som utskriven i 1751 til Fredriksvern (Stavern i Vestfold), d. før 1789 utan livsarvingar. g. Kari Eriksd f. 1740 g. 1762 m. Hans Olsen f. Nordanger, Radøy (kanskje son av Ola Asbjørnsen, sjå Radøyb. I s 136). Dei budde saman i Austrheim i tre år, før dei måtte tena kvar for seg til sitt daglege brød. Hans tente i Øksneset, og Kari i Rongeværet og Børilden, før ho kom til Njøta (alle plassar i Austrheim, sjå Austrheimb. III s 487). Desse opplysningane kjem fram i samband med at Kari i 1773 vart klaga for å driva med ulovleg betleri (tigging) ifølgje tingboka. Saman med tre andre vart ho dømd til å stå i gapestokken ved kyrkja i to timar. Dei fekk òg påbod om å ta seg ei lovleg næring for framtida. Kari må vera død utan livsarvingar før 1789, då ho ikkje er nemnd i farsøstera sitt skifte dette året. h. Brita Eriksd f. 1744, ugift, tenar m.a. på Grenda og Kopper gnr 168 bnr 1, truleg død før 1801, ikkje med i folketeljinga då.

2. Enkjemannen Erik Olsen (1) g.2.g. 1749 m. «qvinde» Gjertrud Andersd Stavesund, Austrheim d. 1765, 70 år gl., ho budde då i Vågen (Ertsholmen). Ingen born, men ho hadde fått eit barn som ugift (derfor nemninga «kvinne»), sjå Austrheimb. II s 249. Erik er ført som husmann under Brotet i ei skatteliste frå 1763/64, men året etter er han borte. Han er truleg død då utan at dødsfallet er ført i kyrkjeboka.

3. Anna Kristiansd f. Skotholmen (gnr 170 bnr 1-6a) d. 1772 g. 1759 m. enkjemannen Hans Sjursen Dyrneset, Austrheim var husfolk her fram til 1764 ifølgje ei skatteliste. Dei flytta så til Sulo (4), der familien er ført.

Fedje komm.svg Husmenn på Brotet er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Brotet (Fedje gnr 168 bnr 16) • Neste bolk: Heimborg (Fedje gnr 168 bnr 77)