Vika (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Børhaugen (til venstre), Brotet og Vika i 2016 med nausta ved Husavågen framom. Husa er frå venstre bnr 137, bnr 312 (bakom), bnr 124 (bak), bnr 16 (løa til høgre) og bnr 28.
Foto: Karsten Madsen

Vika er ein av dei eldre gardane i Fedje kommune.

Som namnet seier, ligg Vika i ei vik, i Kyrkjevågen. Den ligg mellom Stuberg og Brotet, og med Opphaugen bortanfor. Uttalen er «vikjæ».

Skrivemåten har vore Wigenn, slik det var den første gongen bruket er omtalt i kjeldene, alt i 1563, seinare lenge mest vanleg Wigen, og av og til Wiigen. Kortforma Wig/Wiig vart òg brukt av og til. I 1801 vart det skrive Vigen, i 1845 Viken, og seinare har det vore det vanlege. Då det vart teke opp stadnamnsak på Fedje i 1996/1997, vart namnet endra til Vika. Det har heile tida vore eitt bruk i Vika, med gammal landskyld ½ våg fisk. Det har vore frådelt nokre tomter, m.a. var det frå denne eigedommen Steinborg vart utskild, på ein parsell som Vika hadde før utskiftinga.


Fedje komm.svg Vika (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Sjånesvegen 21 (Fedje gnr 168 bnr 440) • Neste bolk: Vika (Fedje gnr 168 bnr 28)