Opphaugen (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Opphaugen er ein av dei eldre gardane i Fedje kommune.

I motsetnad til gardane Kopper og Husa vert Opphaugen og dei andre mindre bruka på Fedje ofte kalla «plassar» i kjeldene. Det er sjølvsagt fordi dei er av mindre storleik og ofte med dårlegare jord. Den gamle landskylda til Opphaugen var ½ våg fisk, medan Kopper hadde det tredoble, 1,5 våg. Dette jamna seg ut etter at Kopper vart delt i fleire bruk. Som namnet seier, ligg Opphaugen på ei høgd, plassert mellom Kopper og Tangane. Det har heile tida vore berre eitt bruk på garden. To tomter vart frådelte i seinare tid.

Til liks med Uthaugen vart Opphaugen kalla berre Haugen i dei tidlegaste kjeldene. Det kan derfor vera vanskeleg å skilja dei frå kvarandre. At det heile tida er tale om to ulike bruk, kjem tydeleg fram av korleis skattelistene er sette opp. Dei to brukarane på Haugen er ikkje førte opp etter kvarandre, og skrivemåten på gardsnamnet er ulik, med som oftast «i Haugen» på det eine og berre «Haugen» på det andre. «I Haugen» er då tolka som Opphaugen, i samsvar med uttalen også i dag. Dette stemmer òg med brukarnamna når kjeldene går over til å nytta det fulle namnet Opphaugen frå 1640.

Uttalen av bruksnamnet er «høyen», og dette kjem òg fram i skrivemåten gjennom tidene. Den første gongen garden er nemnd i dei skriftelege kjeldene er i 1563, då «Joenn i Hougenn» betalte 1 dalar i skatt. I 1603 vert namnet skrive Hougen, og dette er ein vanlig skrivemåte også seinare. Men uttalen slår òg direkte gjennom på skriftforma. I 1620 og fleire gonger framover vert det skrive Høyen eller i Høyen i skattelistene. Me finn òg forma Høffuen (1629). I 1640 har me Ophøyen og i 1645 Ophoffue. Presten bruker Hougen på heile 1700-talet i kyrkjebøkene, ikkje før i 1800 går han over til Ophougen. Det er også skrivemåten i 1723, 1845, 1865 og 1875. I 1835 har me Ophaug og i 1891 og 1900 Ophoug. I 1855 vart det skrive Ophaugen, og dette var òg skriftforma i matrikkelen frå 1906.


Fedje komm.svg Opphaugen (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Nedrelandet (Fedje) • Neste bolk: Opphaugen (Fedje gnr 168 bnr 13)