Grenda (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Grenda er eit av dei eldre gardsbruka i Fedje kommune.

Grenda ligg mellom Muren, Stuberg, Opphaugen og Kopper. I 1640 vart det kalla Grenda som i dag. Men det gjekk lenge under namnet Mulen, også skrive Muren. Det kan sjå ut som at Grenda vart skilt ut frå Muren, for i ein del kjelder rundt 1700 vert det kalla «Noch Muren», dvs. endå eit bruk med namn Muren. I skattelista for 1711 står det «Grend eller Muren», som klart syner at det var det same bruket. For å skilja dei betre frå kvarandre, vart det så skrive Mulen eller Mullen, m.a. i skifteprotokollane og panteregistra fram til 1850. I kyrkjebøkene vart det heile tida brukt Grenda. Skriveformene her var Grenden og Grend på 1700-talet, medan dei mest vanlege på 1800-talet var Grenden, Grænden og Grinden. I folketeljinga 1801 vart det skrive Mulen, men frå 1835 og framover vart det brukt Grinden også i folketeljingane. Mulen gjekk heilt ut av bruk rundt 1850. Uttalen av namnet er «grennæ». Den gamle landskylda for Grenda var på ½ våg fisk, til liks med dei andre mindre bruka på Fedje. Det har heile tida vore eitt bruk på Grenda.


Fedje komm.svg Grenda (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Kristiansplass • Neste bolk: Grenda (Fedje gnr 168 bnr 17)