Kristiansplass (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristiansplass
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: umatrikulert

Kristianplass er eit tidlegare gardsbruk i Fedje kommune.

1. Dette bruket er berre nemnt ein einaste gong i kjeldene, og det var ved manntalet i 1666. Det var då oppført mellom Brotet og Vika, og må ha lege i det området. Det hadde ei landskyld på ½ våg fisk, slik som dei fleste andre bruka på Fedje. Brukaren var Ola Steffensen 32 år. Det merkelege er at me ikkje finn han i skattelistene på denne tida, og det er ingen «ledige» bruk som kan ha fått eit anna namn seinare, slik som ved t.d. Brotet og Berge. Heller ikkje i jordeboka 1661 eller matrikkelen 1665 er bruket nemnt.


Fedje komm.svg Kristiansplass (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Rosenborg (Fedje gnr 168 bnr 124) • Neste bolk: Grenda