Ringvoll (Fedje gnr 169 bnr 70)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ringvoll
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 70
Adresse: Mulevegen 157

Ringvoll er eit småbruk i Fedje kommune.

1. Bjarne Bårdsen f. 1912 Sulo (gnr 169 bnr 44-2 a) d. 1994 g. 1951 m. Borghild Dale f. 1916 Kårbø, Meland d. 2014 (sjå Melandb. I s 164). Ho var søster til Ingeborg Stuberg (gnr 168 bnr 19-22), sjå der. Skøyte på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 i 1953. Huset vart bygd i 1954. Bjarne var fiskar, medeigar i M/S «Wiken», og sjømann. Borghild arb. på Bjelland i 10 år.

Born: a. Berit Oddlaug Bårdsen f. 1952, radiograf, bustad Bergen, var g.m. Einar Skreien f. 1949 Arna, Bergen, busett der. Deira son Øyvind Bårdsen Skreien f. 1973, sjå Kremmarholmen gnr 169 bnr 33-3. b. Magnus Ingvard Bårdsen f. 1954, neste eigar (2).

Borghild g.1.g. 1940 m. Rasmus Kornelius Dale f. 1907 Øygarden d. 1940, budde der. Som enkje flytta ho til Bergen og arb. som sydame.

Barn: c. Kari Beathe Dale f. 1941, vernepleiar, g. 1961 m. Leif Reidar Reiestad f. 1939 Jæren, lærar, bustad Klepp.

2. Magnus Bårdsen f. 1954 på dette bruket (lb), fiskar og seinare losbåtførar, g. 1998 m. Anne Marit Sævig f. 1953 Bergen. Han fekk skøyte her i 1995. Sjå òg Kremmarholmen gnr 169 bnr 33-2.


Fedje komm.svg Ringvoll (Fedje gnr 169 bnr 70) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Hauge (Fedje gnr 169 bnr 69) • Neste bolk: Fagnadstøl (Fedje gnr 169 bnr 72)