Solbakken (Fedje gnr 168 bnr 112)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solbakken
S84.168.112.IMGL8531.jpg
Hus på Kopper i 2021, bnr 189 til venstre og bnr 112 til høgre, bak det ligg bnr 160.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 112
Adresse: Stormarkvegen 32

Solbakken er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Harald Koppen f. 1926 (gnr 168 bnr 1-26h) d. 2010, skipsrørleggjarformann, g. 1947 m. Alfhild Hansen f. 1925 Horten (jf Grenda gnr 168 bnr 17-16ad) d. 2016 fekk skøyte på tomt frådelt gnr 168 bnr 1 i 1949, og sette opp hus her i 1946. Dei selde huset i 1955, og flytta til Horten.

Born: a. Asbjørn Alf Koppen f. 1948 d. 1977, skipsrørleggjar, bustad Horten. b. Gunn-May Koppen f. 1965, sjukepleiar, g. 1993 m. Roy Padgett f. 1960, mekanisk ingeniør, bustad Horten, seinare Hafrsfjord, Stavanger.

Ved Børhaugkaien. H-50-FE «Fedjebørn», byggeår 1948, lengd 61,4 fot, motor 50 HK Wickman. Eigarar Håkon Sjøvold, Anton Berntsen Koppen, Herman Koppen, Hilmar Stuberg, Hans Karlsen Husa og Bernhard Bårdsen. Båten vart seld til Herøy på Sunnmøre i 1957. Til høgre kan ein så vidt sjå M/S «Ragna» (Hjalmar og Harry Wiken).

2. Håkon Sjøvold f. 1923 Stuberg (gnr 168 bnr 43-1a) d. 2003 g. 1946 m. Anny Nilsen f. 1923 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-8d) d. 2021. Skøyte her i 1955. Dei budde tidlegare på bakeriloftet, Steinborg. Huset vart påbygd med ein etasje i 1968. Håkon var fiskar, pendla seinare til Bergen, fiskeindustriarb. og jernbindar. Anny var reinhaldar på skulen i 17 år.

Born: a. Karl (Kalle) Amund Sjøvold f. 1946, stuert, g. 1974 m. Kirsten Jorunn Oen f. 1953 Øygarden, kontormedarbeidar, busette der. b. Agnar Inge Sjøvold f. 1950, sjå 3 nedanfor. c. Inger Iren Sjøvold f. 1958, forpleiningsass., samb.m. Helge Konrad Dybvik f. 1960 Kristiansand, borearb., busette der. Hennar dotter Carina Sjøvold f. 1982 budde ei tid her hjå morforeldra i tidleg skulealder, g. 2009 m. Jon Ruben Halvorsen f. 1980 Kristiansand, busette der. d. Nina Sjøvold f. 1966 samb.m. Roald Gullaksen f. 1964 Kopper (gnr 168 bnr 194-1c), bustad Kopper gnr 168 bnr 58-2.

3. Agnar Sjøvold f. 1950 på dette bruket (2b), skipselektrikar, g. 1972 m. Anna Dalland f. 1954 Tysnes, busette der (jf Tysnesb. III s 234). Ekteskapet oppløyst. Han budde ei tid på Fedje, seinare i Bergen.

Born: a. Roger Dalland Sjøvold f. 1972 d. 2021, bustad Tysnes, seinare Stord og så Rosendal i Kvinnherad. b. Camilla Sjøvold f. 1976, sjukepleiar, var samb.m. Jonas Enar Gustavsson f. 1982, busette Tysnes, g. 2021 m. Stanley Westh f. 1984 Frederiksberg i Danmark, musikar, bustad Tysnes. c. Anne May Sjøvold f. 1979 g. 2015 m. Thor Øyvind Syvertsen f. 1978 Bergen, grafikar, busette der.

4. Petter Svenning f. 2001, tømrar, flytta til Fedje frå Tønsberg i 2022, og fekk skøyte i 2023.

Fedje komm.svg Solbakken (Fedje gnr 168 bnr 112) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Bakketufta (Fedje gnr 168 bnr 108) • Neste bolk: Haugen (Fedje gnr 168 bnr 116)