Bakketufta (Fedje gnr 168 bnr 108)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bakketufta
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 86
Adresse: Mulevegen 5

Bakketufta er ein bostadeigedom i Fedje kommune.

1. Ananias Lambrechts f. 1902 Børilden, Austrheim d. 1989 (son av Helena Andreasd f. 1861 og Gabriel Nikolaisen Lambrechts f. 1860, jf Austrheimb. III s 521, mor hans var Marta Eriksd f. 1835 Børilden, som var søster til Mikal Kopper gnr 168 bnr 1-25) g. 1930 m. Olga Johannesen f. 1894 Seivåg, Bodø d. 1956. Ingen born. Skøyte på tomt frådelt bnr 1 i 1948. Ananias var bygningsmann, og sette opp hus her i 1954. Huset vart flytta hit, truleg frå Masfjorden, og er opprinneleg bygd før 1900.

2. Rolf Andal f. 1951 Askøy var g. 1987 m. Annette Merethe Undeland f. 1956 Bergen, busette der. Han fekk skøyte her i 1993. Huset vart brukt som feriebustad til Rolf flytta hit fast.


Fedje komm.svg Bakketufta (Fedje gnr 168 bnr 108) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Lundeheim (Fedje gnr 168 bnr 106) • Neste bolk: Solbakken (Fedje gnr 168 bnr 112)