Heimly (Fedje gnr 168 bnr 62)
Heimly | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 62 |
Adresse: | Mulevegen 70 |
Heimly er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
1. Lars Bertelsen f. 1866 Smineset (gnr 169 bnr 19-1b) d. 1926 g. 1893 m. Berta Malena Johannesd f. 1861 Byrknes d. 1950 (dotter av Johannes Magnesen f. 1835 d. 1921 og Johanna Henriksd f. 1824 d. 1899, jf Gulenb. III s 253). Berta var halvsøster til Henrik Moldøyna (gnr 170 bnr 6-12), sjå der. Lars og Berta var husfolk utan jord, og sette opp huset her i «Kroko». Han var fiskar og fiskehandlar. Berta fekk skøyte på husegrunnen frådelt gnr 168 bnr 59 i 1935.
Born: a. Josefina Gjertina Larsd f. 1893 d. 1894 (influensa). b. Josefine Gjertine Larsd f. 1895 d. 1975 g. 1917 m. Nils Andreas Ananiassen f. 1894 på Austrheim d. 1962, budde der (jf Austrheimb. III s 109), hadde m.a. døtrene ba. Nancy Judith Nilsen f. 1918, sjå Sulo gnr 169 bnr 69, og bb. Alfhild Ingrid Nilsen f. 1923, sjå Kremmarholmen gnr 169 bnr 6-3e. c. Henrik Bertin Larsen f. 1897 d. 1917. d. Ludvik Martin Larsen Husa f. 1904 d. 1975, neste eigar (2).
2. Ludvik Husa f. 1904 på dette bruket (1d) d. 1975 fekk skøyte her i 1952. Han eigde frå før gnr 168 bnr 59, der han dreiv landhandel. Kristofa Kahrs f. 1909 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-4e) d. 1995 var lenge hushaldar, og stod òg i butikken.
3. Brita Constance Nyqvist f. 1931 Vasa i Finland d. 2013 g. 1955 m. Ola Borge f. 1929 Osterøy d. 2011, budde der (jf Hausb. I s 85 og 91, og Hausb./2019 s 82), kjøpte huset i 1976, og brukte det som feriebustad. Ho var stortingsrepresentant (Høgre) for Hordaland 1985-1989, og fast møtande vararepresentant 1981-1985.
Born: a. Hilma Constance Borge f. 1957, bustad Oslo. b. Johannes Borge f. 1959, bustad Osterøy. c. Alvar Borge f. 1963, bustad Osterøy.
4. Alfred Ophaug f. 1931 (gnr 169 bnr 13-23f) d. 2020 g. 1951 m. Anna Stokkebø f. 1930 Balestrand, bustad Asker, fekk skøyte her i 1993. Huset vart brukt som feriebustad.
Born: a. Odd Harry Ophaug f. 1952, bustad Asker. b. Aage Ophaug f. 1953, bustad Drøbak i Frogn. c. Wencke Ophaug f. 1957, bustad Oslo, seinare Bergen.
5. Paul Knapskog f. 1967 Husa (gnr 168 bnr 193-1a), fiskeoppdrettar, matros/stuert, samb.m. Karianne Watne f. 1970 Bergen, psykolog. Han fekk skøyte i 2019. Huset er renovert.
Heimly (Fedje gnr 168 bnr 62) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Nordstrand (Fedje gnr 168 bnr 59) • Neste bolk: Håland (Fedje gnr 168 bnr 63) |