Bokn kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bokn
1145 Bokn komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1145
Fylke Rogaland
Kommunesenter Føresvik
Areal 47.17  km²
Areal land 44.57  km²
Areal vann 2.6  km²
Folketall 855 (2017)
Grunnlagt 1849
Målform nynorsk
Nettside Nettside

Bokn kommune er ein kommune i Rogaland. Kommunen består av dei tre bebudde øyane Vestre Bokn (Loten), Austre Bokn og Ognøya på nordsida av Boknafjorden, og 121 andre øyar, holmar og skjer. Han har såleis ikkje grenser over land, men har sjøgrenser til Karmøy kommune, Tysvær kommune, Finnøy kommune, Rennesøy kommune og Kvitsøy kommune. Bokn kommune vart grunnlagd i 1849, då han vart skild ut frå dåverande Skudenes kommune. Bokn kommune har hatt uendra grenser til no, medan Skudenes kommune vart del av Karmøy kommune i 1965.

Folketalet var 857 i 2012. Om lag fire femtedelar (81 prosent i 2001) bur på Vestre Bokn, der kommunesentret Føresvik ligg. Føresvik definerast ikkje som tettstad av Statistisk sentralbyrå.

Kommunevåpenet består av seks sølvfarga sirklar på blå bakgrunn, og føresteller ein varde. Blåfargen symboliserar havet. Namnet «Bokn» har usikker tyding, Store Norske Leksikon har to ulike teoriar. Den eine er at namnet er avleda eit ord for «merke» eller «teikn», som viser til Boknafjellet som kjend sjømerke, jamfør kommunevåpenet. Den andre teorien er at det kjem frå norrønt boka, som tyder å «støta» eller «slå», og «Bokn» skulle såleis tyda «øy som bølgjane slår imot», ifølgje SNL.

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!