Husmenn i Træsneset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Husmenn i Træsneset tek føre seg folket på ein husmannsplass under Træsneset i Fedje kommune.

1. Johanna Olsd f. 1820 Moldøyna (gnr 170 bnr 3-16c) d. 1879 g. 1858 m. Mikkel Jetmundsen f. 1832 Toftegård, Austrheim d. 1906 (sjå Austrheimb. II s 259, son av Kristi Rasmusd f. 1788 d. 1858 og Jetmund Mikkelsen f. 1796 d. 1840, som var bror til m.a. Thomas Kopper gnr 168 bnr 3-4, sjå der). Dei var plassfolk med jord frå omkring 1864. Dei budde tidlegare som innerstar på Moldøyna og Kremmarholmen. I 1865 hadde dei 1 ku, og sådde 4/16 tn havre og ¾ tn potet. I 1875 hadde dei 1 sau, og sette ½ tn potet. Mikkel var fiskar.

Born: a. Ola Mikkelsen f. 1858. b. Rasmus Mikkelsen f. 1858. Dei var tvillingar og døydde 1 og 4 dg gl. c. Kristian Mikkelsen f. 1860 d. 1937 g. 1907 m. Lovise Johanna Gregoriusd f. 1863 Napsholm, Gulen d. 1962, budde på Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-6). d. Ola Mikkelsen f. 1864 d. 1943 g. 1890 m. Berta Larsd f. 1868 Langedalen (gnr 169 bnr 5-6d) d. 1945, brukarar der (7).

Enkjemannen Mikkel Jetmundsen g.2.g. 1884 m. Marta Olsd f. 1837 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-13b) d. 1920. Mikkel døydde i ei ulykke, han fall og slo seg mot ein stein då han skulle bera vatn til fjøset. Plassen vart nedlagd etter Marta sin død.


Fedje komm.svg Husmenn i Træsneset er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Træsneset (Fedje gnr 171 bnr 1) • Neste bolk: Steindal (Fedje gnr 169 bnr 93)