Steindal (Fedje gnr 169 bnr 93)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Steindal
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 93
Adresse: Træsnesvegen 1

Steindal er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Peder Tresnes f. 1905 (gnr 171 bnr 1-2f, sjå der) d. 1970, matros, g.2.g. 1955 m. Inger Myhre f. 1920 Ustaoset, Hol i Buskerud d. 2003. Skøyte 1967 på tomt frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 66 same året. Dei bygde huset i 1969, tidlegare budde dei i Træsneset (noverande gnr 171 bnr 2).

Born: a. Kåre Tresnes f. 1954, matros, g. 1980 m. Gullborg Irene Eide f. 1956 Ostereidet i Lindås, reinhaldar, busette der. Ekteskapet oppløyst, hans bustad Kvalvågen i Austrheim. b. Britt Tresnes f. 1956 g. 1976 m. Willy Njøten f. 1953 Øygarden, bygde i Træsneset (gnr 169 bnr 120). c. Ingunn Tresnes f. 1957, neste eigar (2). d. Liv Tresnes f. 1961 d. 1997 g. 1983 m. Ove Nilsen f. 1951 Sulo (gnr 169 bnr 50-2a), busette der (gnr 169 bnr 99-2).

Inger var g.1.g. m. Anders Henry Andersen Søfteland f. 1913 Rjukan i Tinn, Telemark d. 1998, dei budde på Voss. Han flytta sidan til Kolbotn i Oppegård.

Born: e. Berit Marie Søfteland f. 1942 d. 2003 g. 1973 m. Olav Moldøy f. 1943 (gnr 170 bnr 5-18f) d. 1996, busette der (gnr 170 bnr 12-4). f. Aud Astrid Søfteland f. 1944 d. 2011 g. 1977 m. Paul Johan Dåvøy f. 1947 Øygarden, bustad Selje i Nordfjord, no Stad kommune.

Ingers born frå es. m. Gustav Andreas Petterson f. 1919 Samnanger d. 2008 Dale i Vaksdal:

g. Grete Petterson f. 1950 g. 1969 m. Bjarne Aga f. 1947 Fitjar (jf Fitjarb. I s 349), es. oppløyst. Hans bustad Hol i Buskerud. Grethe samb.m. Leif Harald Langøy f. 1948 Litlås i Austrheim, busette der (jf Austrheimb. I s 100). h. Terje Pettersen Søfteland f. 1952 g. 1974 m. Margot Pedersen f. 1956 Telavågen, Sund, busette der, es. oppløyst. Terje var busett her, flytta sidan til Sulo gnr 169 bnr 145-2, sjå der.

2. Ingunn Tresnes f. 1957 (dette bruket 1c), fiskeindustriarb., budde før i Husøyna (gnr 168 bnr 340-2). Skøyte på bnr 93 i 2004.

Barn med tidl. sambuar Gudmund Magne Wåg f. 1948 Litlås i Austrheim d. 1997, busette der (jf Austrheimb. I s 122): a. Linn Wåg Tresnes f. 1985 samb.m. Christian Frederik Espelid f. 1974 Bergen, busette der.

Ingunn samb.m. Slawomir Tadeusz Zajczyk f. 1953 frå Poznan i Polen, murar/flisleggjar, flytta til Fedje i 1996.


Fedje komm.svg Steindal (Fedje gnr 169 bnr 93) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husmenn i Træsneset • Neste bolk: Bruneset (Fedje gnr 169 bnr 107)