Smiholmen (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Smiholmen er ein holme som ligg inst i hovudhamna ved Husavågen, knytt til Vestkanten med ei vegfylling. Den har frå gammalt av hørt til Uthaugen. Om tydinga av namnet, sjå Smineset.

1. Kari Andersd f. 1797 Husa (gnr 168 bnr 7-11a) d. 1858 g. 1831 m. Erik Hansen f. 1805 Lauvås, Lindås d. 1879 (son av Hans Eriksen f. 1784 og Gjertrud Andersd f. 1783, sjå Lindåsb. IV s 184). Dei var dei første plassfolka her, frå 1833. Tidlegare budde dei som innerstar på Ertsholmen (11).

Born: a. Gjertrud Eriksd f. 1831 d. 1 dag gl. b. dødfødd dotter f. 1831 (tvilling med a.). c. Gjertrud Eriksd f. 1833 d. 1897 g. 1857 m. Johannes Eriksen f. 1832 Børilden, Austrheim d. 1914, budde der (sjå Austrheimb. III s 537). d. Hansina Eriksd f. 1837 d. 6 md gl. e. Bertel Eriksen f. 1839 d. 1918 g. 1863 m. Elsa Larsd f. 1833 Eide (gnr 168 bnr 15-15a) d. 1922, busette på Smineset (gnr 169 bnr 19-1).

Etter at Kari døydde, flytta Erik til dottera i Børilden.

– Deretter gjekk det lang tid før det budde nokon på Smiholmen.


Fedje komm.svg Smiholmen (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Muren 17 (Fedje gnr 168 bnr 431/432) • Neste bolk: Ternes (Fedje gnr 168 bnr 55)