Holmen (Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Flyfoto 1954. I framgrunnen frå venstre: Kremmarholmen bnr 62, bnr 60, bnr 6 (Holmen), bnr 1 (Prestestova), bnr 2 (den gamle handelsstaden). Bak Sulo, heilt bakarst frå venstre Langedalen og Hesthaugen.

Holmen var opphavleg tre ulike bruk. I panteregisteret frå 1770 til 1859 er det eitt blad for kvart av bruka Kremmarholmen, Holmen og Ertsholmen. Holmen er nemnd første gongen i 1563, Ertsholmnen i 1644 og Kremmarholmen i 1665. Dei to siste må vera frådelt frå Holmen. Ettersom alle tre bruka vart brukte meir og meir i lag, vart dei samanføydde til eitt bruk i 1859 og kalla Kremmarholmen av brørne Kristoffer og Arnold Kahrs. Dei eigde halvdelen kvar, og delte det nye bruket i to med kvart sitt bruksnummer.

Holmen med Kremmarholmen og Ertsholmen er ein holme som ligg midt i hovudhamna. Den ligg såleis sentralt til for båttrafikken, og det er derfor ikkje unaturleg at det var her det vart handels- og gjestgivarstad. Utanom denne holmen, omfatta òg denne eigedomen heile Vestkanten. Dette området var lenge utan busetnad, og vart brukt som beiteområde og utmark for Holmen. Utover på 1800-talet vart det fleire og fleire som fekk høve til å setja opp hus her, men utan tilgang til jord.


Fedje komm.svg Holmen (Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Vestkanten • Neste bolk: Holmen (bruk i Fedje)