Holmen (bruk i Fedje)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Holmen (gardsbruk i Fedje)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Holmen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: umatrikulert

Holmen er eit av dei eldre bruka i Fedje kommune.

1. Ola på Fedje er nemnd i rekneskapane til Bergen kongsgård i 1518, då han fekk ei tønne korn for ein hest. Han svarte landskyld same året for tre år. I 1519 og 1520 betalte Olas kjøpmann på Fedje 30 mark for skuldig landskyld. Ein må truleg tolka dette slik at Ola bygsla den delen av Fedje som låg direkte under krona (kongen), og at han dreiv handel her. Dette er det første skriftlege teiknet me har på at det var ein gammal handelsstad på Fedje. At handelsstaden er gammal, går òg fram av eit vitnesbyrd på tinget i Lindås i 1706. Her heiter det at «Fedie er en bosat ø, langt ud til havs, saa nær 1 mils siø ud fra faste land, hvor alltid af arilds tid efter høy fornødenhed for landet har veret en kremmer och kremmerleye, som har holt all fornødenhed for almuen». Det hadde altså vore kremmarleie på Fedje så lenge folk visste om.

2. Erik budde på Holmen i 1563, då han svarte 12 dalar i skatt.

3. Ivar var her frå 1603 til 1618. Han hadde med seg Villum i 1603. Son ?a. Jon Ivarsen, sjå nr 4.

4. No vart det ein periode med tre brukarar på Holmen. Det er kanskje starten på den tredelinga som er omtala ovanfor (sjå Holmen). Det var Ola Arnfinnsen f. Stuberg (gnr 168 bnr 19-3a) som er oppført på skattelistene frå 1618 til 1626. Han vart truleg avløyst av Amund, oppført frå 1634 til 1638. Den andre var Ola Mikkelsen, nemnd frå 1618 til 1629, og til slutt Jon Ivarsen frå 1620 til 1629. Han kan ha vore sonen til nr 3. Han hadde truleg borna a. Ivar Jonsen, nemnd på skattelistene frå 1632 til 1638, b. Anders Jonsen, nemnd i 1650 då han fekk 2 rdl 1 ort i bot fordi kona hans fødde barn for kort tid etter bryllaupet, og c. namnlaus dotter. Det er truleg den same Jon Ivarsen som er oppført på skattelistene igjen frå 1640 til 1653, etter at sonen hadde hatt bruket ei stund. I 1640 vart Jon bøtelagd med 3 rdl for utskjelling av Nils i Moldøyna. I 1643 vart han nemnd i to saker i tingboka, sjå Kopper gnr 168 bnr 1-7 og Ertsholmen 1. Ifølgje koppskatten 1645 heitte kona til Jon Marta, og dei hadde ein son og ei dotter over 15 år. Dessutan budde det to fiskarar her i 1645: Anders Olsen med kona Mari, og Anders med kona Anna. Dei var kanskje byrjinga på det som vart den seinare busetnaden i Sulo. Landskylda for Holmen var på denne tida 1 våg fisk. Den vart sett ned til ½ våg etter at Kremmarholmen var frådelt.

5. Anders Steffensen g.m. Brita var brukar her saman med Jon Ivarsen frå 1644. Dei brukte kvar ½ våg fisk. I 1644 fekk Anders ei bot på 5 rdl for skjellsord (det står ikkje mot kven). I koppskatten 1645 hadde Anders og Brita ein son og ei dotter. Anders var brukar her aleine frå 1654, til han er nemnd siste gong i 1663. Sjå Nord-Tangen gnr 168 bnr 25-6d og 6e, som kan vera sønene hans i eit andre gifte.

6. Ivar Rognaldsen f. Vika (gnr 168 bnr 28-4a) er oppført i skattelistene frå 1664 til 1668. I manntalet 1666 var alderen oppgjeven til 45 år, og han hadde ein son (utan namn) på 5 år. Matrikkelen 1665 syner at ein kunne fø to naut, utsåd er ikkje nemnt.

7. Steffen Kristiansen f. 1632 var brukar her saman med nr 6 ifølgje manntalet 1666. Han fekk ei lang levetid her. Han stod fram på vårtinget i Lindås 1686 saman med fleire andre og klaga på dei altfor høge skattane dei måtte betala. Dommen var at saka måtte venta til futen og sorenskrivaren hadde vore på staden og vurdert tilhøva. Steffen er nemnd i skattelistene frå 1691 til 1694, og brukte då ½ våg fisk, og var den einaste brukaren på Holmen. Slik var det òg ved manntalet 1701. Han hadde sonen a. Kristian Steffensen f. 1680, han stod fadder i 1705, seinare lagnad ukjend.

8. Lars Eriksen har avløyst nr 7 rundt 1705. Han er nemnd som vitne i ei sak på tinget i 1706, sjå Husa gnr 168 bnr 7-6. Han er borte før 1711.

Born: a. Hilde Larsd f. 1706. b. Ola Larsen f. 1708. Begge sin lagnad er ukjend.

Skoskatten 1711, sjå Litt allmennsoge om Fedje. Opplysningane her gjeld Skotholmen, Kremmarholmen, Holmen og Ertsholmen, samt Langøyna, Skorholmen og Kilstraumen i Austrheim.

9. Hans Ivarsen er brukar her frå 1708. Saman med nr 8 er han nemnd som vitne i ei sak på tinget i 1706, så han må ha budd her alt då. I skoskatten 1711 betalte han 12 skilling for seg og kona. Han var då ført opp under Ertsholmen saman med Jon der, men på skattelista for 1712/1713 står han under Holmen, som truleg er det rette. Så vert også han borte.

Born: a. Kristian Hansen f. 1708 d. 1757 g.1.g. m. Kari Herlofsd f. 1708 Nordland, Masfjorden, brukarar på Skotholmen (gnr 170 bnr 11-6). b. Guri Hansd f. 1711, ukjend lagnad.

10. Knut fekk ei lengre tid her enn dei to forgjengarane. Han stod fadder i 1713, og er nemnd i skattelistene frå 1715 til 1736. Kona hans var fadder i 1715, utan at namnet hennar vert «avslørt». Kanskje var ho enkje etter nr 9. Matrikkelen frå 1723 gjev desse opplysningane om Holmen: Brukar Knut, landskyld ½ våg fisk. Utsådet var på ⅛ tn havre og avlinga ¼ tn, altså berre to foll. Dyretalet var på 2 kyr, som dels måtte fôrast med tang og tare. Fisket etter torsk, sild, sei og lange var det viktigaste næringsgrunnlaget.

Barn: a. Ingeborg Knutsd f. 1714, uviss lagnad.

11. Ola Olsen f. 1690 d. 1751, truleg g.m. Brita. Ho stod fadder frå 1751 til 1754. Dei var brukarar her frå om lag 1726, då Ola vart nemnd i tingboka dette året. Han vart stemna for ufin tale mot Per Eide (gnr 168 bnr 15-7), og måtte bøta 2 lodd sølv til dei fattige. Ola kan ha vore frå Muren (gnr 168 bnr 18-6b), og bror til Kristian Olsen Muren, då han er formyndar for borna hans i 1738 og 1740. Ola har òg ei dotter Ragnhild, som kan vera kalla opp etter farmora på Muren. Det som talar mot denne teorien, er at Ola ikkje er nemnd på Muren ved manntalet 1701. I 1742 vart Ola som ein av særs få frå Fedje utnemnd til lagrettemann. Men han meldte forfall på tinget for Lindås i 1743, så det var vel ikkje utan grunn at feiingane ikkje hadde desse verva så ofte – avstanden til tingstaden, som regel Bruknappen i Lygra, vart ofte dryg.

Born: a. Ola Olsen f. 1731, matros i Bergen i 1759. b. Kristian Olsen f. 1732, ukjend lagnad. c. Mari Olsd f. 1735 d. 1785, neste brukar (12). d. Kristi Olsd f. 1737 d. 1811 g. 1760 m. Anders Fusesen f. 1739 Sirset, Lindås d. 1807, brukarar på Kopper (gnr 168 bnr 3-2). e. Ragnhild Olsd f. 1740, ukjend lagnad.

12. Mari Olsd f. 1735 på dette bruket (11c) d. 1785 g. 1757 m. Per Isaksen f. 1731 d. 1796, han er nemnd «Silløen» ved giftarmålet, men ukjent kvar det er. Dei var brukarar her eitt års tid, dei budde så i Bergen og kom sidan til Sævrøyna og Øksneset i Austrheim (jf Austrheimb. III s 462 og 690).

Barn på Fedje: a. dødfødd dotter f. 1757. Seinare fekk dei m.a. dottera b. Kristiana Persd f. 1758 d. 1834, sjå Husa (gnr 168 bnr 9-3b).

13. No gjekk det nesten 20 år då Holmen vart brukt av eigarane av Fedje, familien Dankertsen, som eit underbruk til Kremmarholmen, sjå der (4).

14. Kari Hansd f. 1732 Husa (gnr 168 bnr 7-7a) d. 1798 g. 1767 m. Jakob Magnesen f. 1742 Keilegavlen, Lindås d. 1799 (jf Lindåsb. II s 401, son av Magne Bårdsen f. 1715 d. 1787 og Marta Nilsd f. 1706 d. 1760).

Born: a. Marta Jakobsd f. 1770. b. Kari Jakobsd f. 1775 d. 3 md gl. c. Nils Jakobsen f. 1778.

Dei var brukarar på Holmen frå 1775 ifølgje ei militær rulle, først var dei på Litlås i Austrheim der a. er fødd (jf Austrheimb. I s 95). I 1785 var familien flytta til Bergen, Jakob er nemnd som daglønnar.

15. Frå no av vart Holmen for det meste brukt saman med Kremmarholmen av eigarane av Fedje. I ei militær rulle er det nemnt at Lars Nilsen f. 1760 Kvalvågen i Austrheim d. 1838 (sjå Austrheimb. II s 236 og 250) var busett her i 1789, han var losoldermann, og budde seinare i Kvalvågen, deretter på Mongstad i Lindås (jf Lindåsb. IV s 537). Andre kona hans var Dorte Jonsd f. 1787 Kremmarholmen (10a) d. 1819. Mons Jensen f. 1781 Kremmarholmen (9a) budde så her, han var skulehaldar i 1798, men flytta snart til Herdla (noverande Øygarden). Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 vart verdien av bruket sett til 75 rdl. Det var ingen brukar her. Som nemnt i innleiinga på Holmen, vart dette bruket formelt slått saman med Kremmarholmen og Ertsholmen i 1859.

16. Rognald Rognaldsen f. 1785 Åråsvågen, Austrheim d. 1855 g. 1814 m. Kari Olsd f. 1780 Litle Sleire, Masfjorden d. 1851 budde her som husfolk frå giftarmålet og til 1817, då dei flytta til Moldøyna (gnr 170 bnr 5-13), der familien er ført.

17. Kristoffer Andreas Larsen f. 1810 Mongstad, Lindås d. 1885 (son av Dorte Jonsd og Lars Nilsen, nr 15 ovanfor) g. 1838 m. Dortea Martinusd f. 1811 Børilden, Austrheim d. 1894 (dotter av Martinus Larsen f. 1788 d. 1815 og Karen Marie Fredriksd f. 1788 d. 1852). Kristoffer og Dorte hadde dette bruket ein par-tre år frå dei var gifte. Familien flytta så til Sætre i Austrheim (jf Austrheimb. II s 56 og III s 512).

Barn født på Fedje: a. Marie Kristine Kristoffersd f. 1840 d. 1919, bustad Børo, Nordre Njøta i Austrheim (sjå Austrheimb. I s 569).


Fedje komm.svg Holmen (bruk i Fedje) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Holmen • Neste bolk: Ertsholmen