Nordtun (Fedje gnr 168 bnr 83)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordtun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 83

Nordtun er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Martinus Hansen f. 1898 Husa (gnr 168 bnr 7-17d) d. 1975 g. 1920 m. Øllegård (Ølla) Koppen f. 1899 (gnr 168 bnr 1-25h) d. 1962. Skøyte på tomt frådelt gnr 168 bnr 7 i 1942. Dei bygde hus her. Martinus var fiskar, var medeigar i M/K «Brødrene», førte seinare fisk med M/K «Sandholm» for Feie fiskarlag. Dei flytta til Fredrikstad om lag 1961.

Born: a. Alette Marie Hansen f. 1925 d. 2019 g. 1950 m. Ove Martin Stang Eriksen f. 1919 Fredrikstad d. 2006, busette der. b. Ruth Andrea Hansen f. 1934 d. 2010 g.m. Knut Asbjørn Wolden f. 1927 Fredrikstad d. 2010, sjåfør, busette der.

Dei to søstrene fekk heimelen her i 1973.

2. Signy Hansen f. 1919 Grenda (gnr 168 bnr 17-16aa) d. 2007 g. 1940 m. Bjarne Jacobsen f. 1920 Bergen d. 1999, busette der, fekk skøyte her i 1980. Huset vart brukt som fritidsbustad.

Born: a. Trygve Birger Jacobsen f. 1940 d. 2018 g. 1961 m. Jenny Petrina Notøy f. 1939 Solund i Sogn, busette i Bergen. Ekteskapet oppløyst 1996. b. Roald Jacobsen f. 1948 g. 1967 m. Kirsten Gunn Eriksen f. 1947 Bergen, busette der. c. Gunnar Torgeir Jacobsen f. 1951 g.m. Oddny Skarstein f. 1950 Askvoll, bustad Bergen. d. Svein Bjarne Jacobsen f. 1952 g. 1983 m. Turid Anita Rolfsvåg f. 1957 Bergen, busette der.

3. Solveig Husa f. 1933 (gnr 168 bnr 7-18g) og Gunn Sulen Gullaksen f. 1950 Husa (gnr 168 bnr 172-1b) fekk skøyte her i 1990. Dei er slektningar av nr 1. Solveig brukte huset som feriebustad. Gunn vart eineeigar i 2002.

4. Tonje Sulen Gullaksen f. 1979 Husa (gnr 168 bnr 298-1a), navigatør/trafikkleiar, g. 2012 m. Jan-Atle Hernar f. 1968 Øygarden, maskinsjef. Skøyte i 2007, ho er dotter av Gunn (3). Huset er renovert og påbygd. Skøyte 2012 på tilleggstomt bnr 467 med garasje (bygd 2012) og naust, frådelt gnr 168 bnr 172 i 2008.

Born: a. Edel Hernar f. 2012. b. Magnus Hernar f. 2014.


Fedje komm.svg Nordtun (Fedje gnr 168 bnr 83) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Heimly (Fedje gnr 168 bnr 73) • Neste bolk: Tunsvoll (Fedje gnr 168 bnr 87)