Heimly (Fedje gnr 168 bnr 73)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Heimly
S141.168.73.IMG 5905.JPG
Parti av Husa med Koppersevja til høgre i 2022. Frå venstre bnr 73, bnr 235, bnr 83, bnr 464 og bnr 90 til høgre.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 73
Adresse: Mulevegen 25

Heimly er ein bustadeigedom i Fedje kommune

1. Hans Karlsen Husa f. 1906 (husmenn 4d) d. 1980 g. 1938 m. Anna Nordfonn f. 1905 Fitjar d. 1962 (dotter av Ole Bårdsen f. 1863 d. 1952 og Barbro Larsd f. 1864 d. 1957, sjå Fitjarb. I s 18. Dei budde her hjå Anna dei siste åra, og er gravlagde på Fedje). Skøyte på tomt frådelt gnr 168 bnr 6 i 1938, huset vart bygd same året. Hans var fiskar og bygningsmann. Anna kom til Fedje som jordmor i 1934.

Born: a. Barbro Gullborg Husa f. 1941, sjukepleiar, g. 1973 m. Einar Svarstad f. 1948 Kvam, lege, bustad Bergen. b. Ole-Karl Husa f. 1943, bankmedarb., g. 1966 m. Liv Olsen f. 1943 Bergen, seljar, busette der (sjå Sundb. I s 327).

Dei to søskena fekk skøyte her i 1979. Same året skøyte på tilleggsareal bnr 296 frådelt gnr 168 bnr 6.

2. Alfred Husa f. 1928 (gnr 168 bnr 7-18e) d. 2023 g. 1968 m. Jenny Marie Lervåg f. 1928 Austrheim d. 2021 (sjå Nord-Tangen gnr 168 bnr 25-18d, og Austrheimb. I s 55). Dei budde i Brooklyn, New York til 1977, då dei flytta til Arendal. Alfred var heismontør, seinare oljearb. Dei fekk skøyte her i 1984, og flytta hit. Huset er renovert og påbygd. Garasje og naust er sette opp.


Fedje komm.svg Heimly (Fedje gnr 168 bnr 73) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Håland (Fedje gnr 168 bnr 63) • Neste bolk: Nordtun (Fedje gnr 168 bnr 83)