Midttun (Fedje gnr 168 bnr 89)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Midttun
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 89
Adresse: Stormarkvegen 12

Midttun er ein bustadeigedom, no brukt som fritidsbustad, i Fedje kommune.

1. Andrea Ophaug f. 1917 Kopper (gnr 168 bnr 294-1c) d. 2005 g. 1941 m. Herman Smines f. 1917 (gnr 169 bnr 19-3b) d. 2002. Skøyte 1951 på tomt frådelt gnr 168 bnr 2 i 1944. Dei bygde hus her. Herman var forskalingssnikkar og pendla til Bergen, før familien flytta dit rundt 1960. Huset vart nytta som feriebustad.

Born: a. Håkon Andreas Smines f. 1944 d. 2014 g. 1966 m. Herdis Oddbjørg Merkesvik f. 1944, bustad Bergen. b. Sigrid Else Smines f. 1952 g. 1972 m. Owe Berntsen f. 1948 Bergen, bustad Solheim på Radøy, Alver kommune (jf Radøyb. IV s 450), seinare i Mulevegen 86, Fedje.

2. Nina Elise Smines f. 1966 Bergen, adjunkt/spesialpedagog, g. 1986 m. Arild Tvedt f. 1964 Hilleren i Bergen, forpleiningssjef, bustad Askøy. Skøyte i 2006, ho er dotter til Håkon (1a). Huset vert brukt som fritidsbustad. Det vart renovert i 2014.

Born: a. Tommy Andre Tvedt f. 1984, lydteknikar, samb.m. Marit Müller Eide f. 1987 Tolga, lektor, bustad Nesttun i Bergen. b. Lene Tvedt f. 1987, siviløkonom, g. 2012 m. Ole Petter Solberg f. 1982 Askøy, business development key account, bustad Askøy. c. Espen Tvedt f. 1993, tømrar, samb. 2018 m. Andrea Juricin f. 1992 Askøy, helsesekretær, busette der.


Fedje komm.svg Midttun (Fedje gnr 168 bnr 89) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Tunsberg (Fedje gnr 168 bnr 86) • Neste bolk: Lundeheim (Fedje gnr 168 bnr 106)