Oppheim (Fedje gnr 168 bnr 80)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Oppheim
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 80
Adresse: Stormarkvegen 9

Oppheim er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Ingvald Hansen f. 1888 Muren (gnr 168 bnr 18-15d) d. 1966, fiskar, g. 1914 m. Anna Margrete Hansd f. 1878 Ragnhildstveit, Fusa d. 1954 (dotter av Hans Engelsen f. 1845 d. 1929 og Magdeli Jansd f. 1852 d. 1922, sjå Fusab. III s 13). Dette er våningshuset til Muren gnr 168 bnr 18, og vart frådelt i 1942, med skøyte same året til Ingvald. Han og Anna budde i den eine enden av huset, og foreldra hans i den andre. Anna var søster til lærar Elisabeth Kvalvåg (sjå Kopper gnr 168 bnr 34-3), og flytta til henne i Fusa på sine eldre dagar, det siste året budde ho i Bergen hjå sonen. Ingvald reiste til Stavanger, og døydde der.

Born: a. Hans Einar Ingvaldsen f. 1914 d. 1971, maskinist BMV, g. 1946 m. Gudrun Eiken f. 1916 Herand i Jondal d. 1995 (jf Jondalsb. I s 240), budde i Godvik, Bergen. b. Inga Margrethe Ingvaldsen f. 1921 d. 2012 g. 1942 Skottland m. Endre Karlsen Vågheim f. 1914 Byrknes d. 1992, sjømann, busette der (sjå Gulenb. III s 277), flytta 1983 til Lerøyna, Austrheim (jf Austrheimb. III s 312).

2. Haldis Torleifsen f. 1919 Andørja i Ibestad, Troms d. 2014 (sjå Astafjordb. IV s 716) var g.l.g. 1940 m. Erling Kristoffersen f. 1913 Vågan i Lofoten d. 1998, budde der.

Born: a. Harald Kristoffersen f. 1942, bustad Lillestrøm. b. Inger Johanne Hansen f. 1945 g.m. Øivind Andreas Knutsen f. 1948 Haugesund, busette der.

Haldis var g.2.g. m. Henry Dagbart Hansen f. 1907 Bodø d. 1984. Dei flytta til Fedje i 1951. Skøyte her i 1956.

Born: c. Ann Karin Hansen f. 1951, bustad Bergen. d. Winnjar Hansen f. 1955 g.m. Dorothy Huskisson f. 1965 England, bustad Bergen.

3. Kåre Berge f. 1951 Bergen, professor teologi, budde før i Fjell, g. 2012 m. Tone Karin Sævi f. 1956 Bergen, oppvaksen Askøy, budde før der og i Bergen, professor pedagogikk, fekk skøyte i 2014, og flytta hit. Huset vart ferdig renovert i 2019.


Fedje komm.svg Oppheim (Fedje gnr 168 bnr 80) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Nyborg (Fedje gnr 168 bnr 72) • Neste bolk: Strandly (Fedje gnr 168 bnr 82)