Mortevikvegen 9 (Fedje gnr 172 bnr 209)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mortevikvegen 9
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 209
Adresse: Mortevikvegen 9

Mortevikvegen 9 er ein fritidseigedom i Fedje kommune.

1. Ole Miltzow Thorseth f. 1956 g. 1982 m. Anne Jorunn Ryum Møen f. 1958, bustad Voss. Dette er tomta med huset på gnr 172 bnr 30, frådelt bnr 199 i 2003, sjå gnr 172 bnr 117. Skøyte i 2003. Huset vart brukt som fritidsbustad.

Born: a. Ranveig Møen Thorseth f. 1982, bustad Voss. b. Kirsten Møen Thorseth f. 1987, bustad Voss.

2. Vibeke Wikene Johnsen f. 1960 Ulvik, oppvaksen der og i Bergen, lærar, g. 1978 m. Rolf Yngvar Jenssen f. 1958 Sandefjord, ferskvassøkolog, bustad Eidfjord, seinare Ulvik. Ho fekk skøyte i 2009 på bnr 209, som vert brukt som fritidsbustad.

Born: a. Jenny Merete Wright Johnsen f. 1985, sivilagronom, samb. 2010 m. Sondre Syse f. 1986 Ulvik, gardbrukar, busette der. b. Ingvild Marie Johnsen f. 1987, gartnar, samb. 2019 m. Sivert Straume f. 1977 Ålvik i Kvam, oppvaksen der og i Arna i Bergen, psykolog, bustad Bergen. c. Hanne Margrete Johnsen f. 1989, rådgjevar, samb. 2018 m. Ole Kristian Grønneng f. 1988 Kongsvinger, oppvaksen der og i Arneberg i Åsnes, kommunikasjonsrådgjevar, bustad Hvitsten i Vestby.


Fedje komm.svg Mortevikvegen 9 (Fedje gnr 172 bnr 209) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Stormarkvegen 304 (Fedje gnr 172 bnr 206) • Neste bolk: Mortevikvegen 20 (Fedje gnr 172 bnr 210)