Stormarkvegen 333 (Fedje gnr 172 bnr 220)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stormarkvegen 333
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 172
Bnr: 220
Adresse: Stormarkvegen 333

Stormarkvegen 333 er ein bustadeigedom, tidlegare fritidseigedom, i Fedje kommune.

1. Rune Ulvatn Entreprenør AS ved Rune Ulvatn f. 1959 Nøttveit på Radøy, busett der (sjå Radøyb. III s 442), no i Alver kommune. Dette er tomta med huset på gnr 172 bnr 4, frådelt i 2005. Skøyte same året. Huset vart brukt som fritidsbustad.

2. Erling Mikal Sætre f. 1950 Austrheim g. 1972 m. Turid Låstad f. 1955 Bergen d. 2018, bustad Budalen i Austrheim (jf Austrheimb. II s 137 og 302, mor hans var Erna f. Fjeldheim, Stormark gnr 172 bnr 3-2b). Skøyte i 2011 på bnr 220, som vart brukt som fritidsbustad.         

Born: a. Leon Sætre f. 1973 samb.m. Iryna Urievna Zibrova f. 1980, bustad Budalen. b. Jarle Sætre f. 1978 d. 2001, bustad Budalen. c. Kim Mikal Sætre f. 1984 g.1.g. 2004 m. Anita Paulsen Kommedal f. 1982, bustad Budalen (jf Austrheimb. II s 138 og 306). Ekteskapet oppløyst, ho flytta til Åråsvågen, Austrheim. Kim g.2.g. m. Stine Leirvåg f. 1991 Utkilen i Austrheim (sjå Austrheimb. I s 363), bustad Dale i Vaksdal, seinare Budalen.

3. Charlotte Sabrina Lilleheil f. 1985 Bergen, kommunikasjonsrådgjevar og biblioteksjef, samb. 2017, g. 2020 m. Ole Henrik Flekstad Vik f. 1991 Øygarden, lærar og organist. Ho fekk skøyte i 2018. Dei flytta til Bergen.

Born: a. Varg Ingebrigt Vik f. 2019. b. Stella Charlotte Vik f. 2022.

4. Terje Kjøpstad f. 1952 fekk skøyte i 2023 og flytta hit. Sjå omtalen på Nyborg (gnr 172 bnr 115).

Fedje komm.svg Stormarkvegen 333 (Fedje gnr 172 bnr 220) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Banevegen 46 (Fedje gnr 172 bnr 213) • Neste bolk: Mortevikvegen 16 (Fedje gnr 172 bnr 221)