Strandheim (Fedje gnr 170 bnr 20)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Strandheim
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 20
Adresse: Skotholmevegen 27

Strandheim er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Anna Olsd Moldøen f. 1885 (gnr 170 bnr 3-21c) d. 1972, ugift, hushjelp, fekk skøyte frå faren på stova til gnr 170 bnr 3 i 1930 for 525 kr i samband med sal av bruket (sjå gnr 170 bnr 3-22). Foreldra hennar skulle bu her så lenge dei levde.

2. Petter Moldøy f. 1917 (gnr 170 bnr 3-22i) d. 1990 g. 1944 m. Aslaug Mongstad f. 1917 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 6-3c) d. 2008. Dei kjøpte huset her i 1944. Det vart rive og nytt hus vart bygd i 1964. Skøyte 1963 på tomta frådelt gnr 170 bnr 3 same året. Petter var fiskar, arb. Bjelland frå 1953. Aslaug arb. òg Bjelland frå 1953, pleiemedhjelpar frå 1974 til 1984.

Barn: a. Olaf Andreas Olai Moldøy f. 1946 d. 2023, neste eigar (3).

«Olafguten» i 2021 med Moldøyna i bakgrunnen.
Foto: Karsten Madsen

3. Olaf Moldøy f. 1946 på dette bruket (2a) d. 2023, fiskar og fiskeindustriarb., overtok huset og var busett her.

Barn: a. Cecilie Uthaug f. 1975, sjå Sulo gnr 169 bnr 54-2a.


Fedje komm.svg Strandheim (Fedje gnr 170 bnr 20) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Nordvik (Fedje gnr 170 bnr 16) • Neste bolk: Sjøstrand (Fedje gnr 170 bnr 27)