Skotholmberget (Fedje gnr 170 bnr 8)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skotholmberget
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 8
Adresse: Skotholmevegen 58, 60, 62, 64

Skotholmberget er ein eigedom i Fedje kommune.

1. Kjøpmann Amund Arnet & Co, Bergen fekk i 1916 skøyte på tomt frådelt gnr 170 bnr 1 same året. Dei sette opp ei sjøbu her, og dreiv med sildesalting.

2. Olai Olsen Kongestøl f. 1902 (gnr 169 bnr 10-1d) d. 1989 fekk skøyte her i 1937. Skøyte 1949 til Peder Nes (jf Sulo gnr 169 bnr 41-1b), Ola Tveit og Lars Tvedt, alle busette på Karmøy. Bua vart riven på 1970-talet.

3. Oddleif Stokholm f. 1953 (gnr 170 bnr 1-18d, sjå der), bustad Åsane i Bergen, frå 2022 Skotholmen gnr 170 bnr 14, fekk skøyte i 1998 og sette opp fire fritidsbygg i rekkje for utleige i 2010, kalla Fedje Havstover.


Fedje komm.svg Skotholmberget (Fedje gnr 170 bnr 8) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Husmenn på Skotholmen • Neste bolk: Nordhaug (Fedje gnr 170 bnr 13)