Nordhaug (Fedje gnr 170 bnr 13)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordhaug
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 13
Adresse: Skotholmevegen 52

Nordhaug er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Herman Severin Stokholm f. 1914 (gnr 170 bnr 1-17e) d. 1986 g. 1945 m. Klara Langøen f. 1922 Austrheim d. 2008. Dei sette opp hus på tomt frådelt gnr 170 bnr 1 i 1948. Herman fekk skøyte i 1950 på hovudbruket gnr 170 bnr 1, men dei heldt fram med å bu her. Familien er ført på gnr 170 bnr 1-18, sjå der.

2. Solbjørg Stokholm f. 1950 (gnr 170 bnr 1-18c), helsearbeidar, g. 1970 m. Jakob Flatøy f. 1944 Flatøy i Meland d. 2015, fiskar, busette der (jf Melandb. II s 323). Ho er dotter av nr 1 og fekk skøyte i 2009. Huset vart då renovert. Eigarar frå 2014 er Solbjørg og borna Lars Petter og Vivian med ektefeller. Solbjørg flytta hit i 2021.

Born: a. Lars Petter Stokholm Flatøy f. 1971, kokk, pastor, g. 1996 m. Lisa Johanna Olsen f. 1974 Herre i Bamble, sjukepleiar, bustad Arendal. Deira born Johanna Flatøy f. 2000, bustad Kristiansand, Simon Stokholm Flatøy f. 2002, barne- og ungdomsarbeidar, bustad Arendal, og Peter Flatøy f. 2009, bustad Arendal. b. Vivian Kristine Flatøy f. 1973, ambulansearbeidar, butikkmedarbeidar, g. 1997 m. Geir Flotve f. 1972 Norheimsund i Kvam, matros/nordsjøarbeidar, bustad Norheimsund. Deira born Helene Flatøy Flotve f. 1996, sosionom, bustad Førde, og Severin Stokholm Flatøy Flotve f. 1998, elektrikar/nordsjøarbeidar, bustad Bergen.


Fedje komm.svg Nordhaug (Fedje gnr 170 bnr 13) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Skotholmberget (Fedje gnr 170 bnr 8) • Neste bolk: Nordstrand (Fedje gnr 170 bnr 14)