Asbjørn Magnus Koppen (1920–1942)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Asbjørn Magnus Koppen.
Foto: Ukjend

Asbjørn Magnus Koppen (fødd 10. april 1920 i Lindås, død 15. oktober 1942 på Atlanterhavet) var matros og krigsseglar.

Han var son av Edvard M. Koppen (f. 1881) og Marta Koppen f. Toft (f. 1888). Familien budde på Kopper i Fedje kommune.

Etter skuleskipskurs var han fleire år i utrikesfart. Hausten 1939 segla han ut med M/S «Siranger», og etter krigsutbrotet var han i alliert fart. Han mista livet då Panama-registrerte «El Lago» vart torpedert av tysk ubåt under konvoifart frå Murmansk til New York.

Koppen fekk posthumt tildelt Krigsmedaljen den 3. februar 1981.

Kjelder og litteratur