Utstein kloster

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Utstein kloster, 2006.
Foto: Frode Inge Helland
Klosterkirken og ruiner av klosterbygningene.
Foto: Ukjent / Riksantikvaren
Klosterruinen.
Foto: C. Christensen Thomhav

Utstein kloster ligg på Klosterøy, den vestlege delen av Mosterøy i Rennesøy kommune. Klosteret var for augustinarkannikar og vigd til St. Laurentius. Utstein er det best bevarte klosteret frå mellomalderen i Norge, men det har også mange trekk frå tida som herregard og frå restaureringsarbeid på 1900-talet. Staten kjøpte klosterkyrkja i 1899, og i 1935 overtok Nevnden for Utstein Klosters bevarelse (seinare Stiftelsen Utstein Kloster) heile klosteranlegget. Utstein kloster er eit mykje besøkt turistmål, og her vert ofte arrangert seminar, konferansar og konsertar.

Utstein som kongsgard

Ifølgje Snorre var Utstein ein av Harald Hårfagre sine kongsgardar. Han har opplysningen frå Haraldskvadet dikta av Torbjørn Hornklove etter slaget i Hafrsfjord. Her blir Harald omtalt som østmenns herre som holder til på Utstein. Om Utstein var eit høvdingsete før Harald si tid, er uvisst. Klosterøy og naboøya, Fjøløy, er rik på spor frå førhistorisk tid, mellom anna er det registrert om lag 170 gravhaugar, men funn og fornminne gjev ikkje klart inntrykk å vera frå eit elitemiljø. Det er i alle høve rimeleg å tru at småkongar på Sørvestlandet i århundra før Harald Hårfagre har lagt vekt på å sikra seg kontroll over Utstein. Særleg Avaldsnes ser ut til å ha vore eit maktsentrum i jernalderen, og det er mogeleg at herskarar ved Karmsundet i periodar har hatt forbundsfeller plasserte på Utstein. Her fanst ei god hamn, og Utstein var strategisk viktig for sjøbasert ferdsel både nord-sør langs leia og aust-vest over Nordsjøen og innover i Boknafjorden.

Som kongsgard utgjorde Utstein eit støttepunkt for dei tidlege rikskongane. Styret var organisert slik at kongen og følgjet hans åt og drakk seg gjennom riket på veitsleferder. Maktsenteret var der kongen til ei kvar tid oppheldt seg. Kongsgardane til Harald låg i Rogaland og Hordaland, som ser ut til å ha vore kjerneområdet i Hårfagreslekta sitt kongedøme. På Utstein sat truleg ein årmann av låg ætt som gardsstyrar. I dei nærliggjande områda, på Nord-Jæren og på øyane i Boknafjorden, var mykje krongods. Leiglendingane på desse gardane måtte nok føra noko av det dei produserte til Utstein. Dette gav grunnlag for at kongen kunne halda store gjestebod og gje gåver. Han framstod dermed som ein generøs styrar, noko som var svært viktig for å legitimera eiga makt. Tunet og bygningane på kongsgarden låg truleg der klosteret seinare kom.

I Håkon den gode si tid spela etter alt å døma Utstein og dei andre kongsgardane på Sørvestlandet framleis ei sentral rolle. Seinare fekk kongane støttepunkt i andre landsdelar. Etter kvart som byane byrja å veksa fram frå slutten av vikingtid og utover, blei dei viktige opphaldsstader for kongane. Dei gamle kongsgardane mista dermed betydning, men dei vart framleis nytta på kongane sine reiser langs kysten.

Klosteret

Tradisjonelt er opprettinga av Utstein kloster knytta til Magnus Lagabøte. Han fekk Rygjafylket i len i 1257 og skal i åra som følgde i stor grad ha halde til i Stavanger. Ein har meint at han i denne perioden også starta bygginga av ein ny kongsgard på Utstein. Etter at faren, Håkon Håkonsson, døydde i 1263, blei Magnus konge. Han hadde då ikkje lenger bruk for Utstein, og let Olavsklosteret i Stavanger overta staden med den påbegynte kongsgarden. Ifølgje denne oppfatninga er såleis klosteret på Utstein blitt til kring midten av 1260-åra som ei vidareføring av Olavsklosteret.

I ei bok om Utstein frå 2005 presenterer historikaren Eldbjørg Haug synspunkt som bryt med den tradisjonelle dateringa av klosteret. Ho argumenterer for at Olavsklosteret i Stavanger truleg var eit benediktinarkloster, som i så fall ikkje kan ha vore noko forløpar til Utstein. I staden finn Haug det sannsynleg at klosteret på Utstein blei grunnlagt samstundes med Halsnøy kloster i samband med kongekroninga av Magnus Erlingsson i Bergen i 1164. Bak grunnlegginga av begge klostera, som fekk store jordegodsdonasjonar ved skipinga, ser ho Magnus sin far, lendmannen Erling Ormsson Skakke frå Stødle i Etne som var gift med Kristin, dotter til Sigurd Jorsalfar. Denne omdateringa av Utstein kloster blir støtta mellom anna av ein døypefont frå 1100-talet som framleis finst i klosterkyrkja. Dessutan hadde augustinarordenen si blømingstid kring midten av 1100-talet, då dei andre norske klostera tilhøyrande denne ordenen vart grunnlagde.

Mesteparten av Utstein kloster vart bygd i andre halvdel av 1200-talet i gotisk stil, men arkeologen Øystein Ekroll argumenterer i boka om klosteret frå 2005 for at her også finst eldre trekk som peikar mot den romanske stilen og ei datering til 1100-talet. Han meiner at dette gjeld for austfløyen, som opphavleg har vore eit frittståande hus. Tradisjonelt er eldste delen av denne bygningen tolka som spor etter Magnus Lagabøte sin påbegynte kongsgard, men konkrete opplysningar om noko slikt byggeprosjekt har ein ikkje. Ekroll meiner at bygningen alt frå byrjinga har vore del av klosteranlegget, og at det i den første tida fanst ein trebygning oppå murane som munkane nytta til sovesal.

Klosterkyrkja på Utstein har ei spesiell utforming. Utgangspunktet ifølgje Gerhard Fischer har vore tradisjonelt med eit lite, kvadratisk kor og eit rektangulært skip. Byggeplanane skal så ha blitt endra undervegs. Skipet vart utvida mot nord, murane til det opphavlege koret blei omgjorde til fundament for eit høgt tårn og nytt kor med tre korskvelv bygd i same breidde som skipet. Dermed fekk kyrkja eit midttårn. Delar av denne utviklinga er seinare dratt i tvil av Morten Stige og Øystein Ekroll, som mellom anna ut frå vindaugstypologi argumenterer for at koret vart bygd først (ca. 1240-50) og skipet seinare (siste fjerdepart av 1200-talet). Av interessante funn i kyrkja kan nemnast to innrissa solur i koret og ei krukke som stod inne i koret sin austvegg. Krukka har mellom anna vore tolka som ei "lydpotte" som skulle betra akustikken, og som ein oppbevaringsstad for relikvier.

Klostergarden, som omfatta Klosterøy og Fjøløy, var ein god gard. Utstein kloster rådde over eit jordegods som plasserer det om lag midt på treet blant norske kloster. Flesteparten av eigedomane låg på Nord-Jæren og øyane i Boknafjorden. Klosteret hadde dessutan lakserett i FiggjoelvaJæren og dreiv handel med skipet Utsteinbussen, som er nemnt i engelske tollrekneskap kring 1300. Inntektene, særleg frå jordegodset, gjekk sterkt tilbake etter folketapet som følgje av svartedauden og andre pestar i seinmellomalderen, men munkane på Utstein ser ut til å ha makta å tilpassa seg dei nye realitetane. Klosteret var såleis i drift heilt fram til reformasjonen. Den siste abbeden vart avsett i august 1537.

Tida etter reformasjonen

Ved reformasjonen overtok kongen klosteret og klostergodset. Trond Ivarsson, tidlegare fut i Jämtland, fekk Utstein kloster i len i 1537. To år seinare plyndra Christoffer Trondsson Rustung klosteret som del av eit angrep retta mot kong Christian III. Det er mogeleg at klosterkyrkja vart sett i brann ved dette høvet. Utstein fekk såleis ein vanskeleg start som verdsleg len, og bygningane kom i forfall. Lensherrane høyrde stort sett heime i Danmark og hertugdøma og budde ikkje på Utstein. I staden hadde dei futar som stod for lensforvaltninga. I 1601 vart jordegodset til Utstein kloster slått saman med godset til Allehelgenskyrkja i Bergen. Dermed blei lenet viktigare og gav større avkastning. Utover 1600-talet blei det gjort ein del utbetringar på Utstein, som bidrog til å stoppa forfallet. I 1657 blei Ulrik Frederik Gyldenløve belent med Utstein klosterlen.

Krigar mot Sverige tømte statskassa og sette kongen i København i stor gjeld. For å rå bot på den vanskelege finansielle stoda såg kongen seg nøydd til å avhenda krongods. I 1664 blei Utstein kloster med jordegods seld til eit konsortium av fem danske adelsmenn (Erik Krag, Holger Vind, Niels Trolle, Otte Krag og Axel Urup) og ein embetsmann (Frederik Giese til Giesegård: sjå Scheel (utdypende artikkel)) som hadde mykje pengar til gode hos kongen. Dei byrja etter kvart å kvitta seg med eigedomane. Det var Christopher Frimann, forvaltar over Halsnøy kloster, som sikra seg Utstein i 1700. I røynda hadde han ei gruppe av embetsmenn og borgarar i ryggen, som saman investerte i jordegods. Dottera til Christopher, Karen, var gift med den velståande generaltollinspektøren i Bergen, Johan Garmann. Han skal ha fått kontroll med Utstein om lag 1710. Son hans, Christopher Garmann, blei utnemnd til fut i Ryfylke i 1749. Året etter overtok han Utstein og la snart for dagen ein stor virketrang. Han stod bak store utbetringar av bygningane. Tømmerbygningen oppå østfløyen vart riven og erstatta ev ein mura etasje, som kom til å utgjera hovudbygningen. Sørfløyen vart også pussa opp og vestfløyen reservert tenarskapet. Kyrkja blei reparert og fekk detaljar i seinbarokk. Christopher Garmann var ein føregangsmann innan saueavl og gav ut lærebok om emnet. Han var gift tre gonger. Andre kona skal på dødsleiet ha avkrevd han eit løfte om ikkje å gifta seg på ny. 20 år seinare gifta han seg likevel, men døydde berre åtte dagar etter bryllaupet. Dermed har det naturleg nok festa seg ein lokal tradisjon om at det var løftebrotet som førte han i døden, og den andre kona hans, Cecilie Widding, er blitt klosteret sitt "husspøkelse", den kvite dame.

Mellom dei som seinare sat med Utstein var Eilert Schanche (1859-1933). Han utmerka seg for god jordbruksdrift og var dessutan ordførar og stortingsmann. I 1884 stod han bak ei ny ombygging av østfløyen. Dei antikvariske myndigheitene fatta også interesse for Utstein. Arkitekt Chr. Christie drog hit i 1859 på oppdrag frå Foreningen til norske Fortidsmindesmerkers Bevaring og målte opp murane frå mellomalderen. I åra 1900-1904 pågjekk restaurering av klosterkyrkja etter løyving frå Stortinget. Arkitekt Gerhard Fischer starta i 1937 undersøkingar av klosteret. Den 10. august (larsok, St. Laurentius sin dag) 1965 kunne endeleg kong Olav stå for opninga av det restaurerte klosteret på Utstein. Årstalet 1965 markerte samstundes 700-års jubileet for klostergrunnlegginga. Dersom Eldbjørg Haug si nye datering av etableringa er korrekt, burde det heller ha vore ei 800-års feiring. Siste ord i denne diskusjonen er nok ikkje sagt (jfr. artikkelen til arkeologen Ole Egil Eide som påpeikar at ingenting ved bygningane tilseier at klosteranlegget er eldre enn midten av 1200-talet).

Litteratur

  • Bjørkvik, Halvard: Klostergods og klosterdrift i Noreg i mellomalderen. I: Collegium Medievale. Vol. 8, nr. 2. 1995
  • Eide, Ole Egil: Om Utsteinsklosterets bygningshistorie. I: Collegium Medievale. Vol. 19. 2006
  • Fischer, Gerhard: Utstein kloster. Kongsgård, kloster, herregård. Stiftelsen Utstein Kloster, 1965
  • Fossberg, Jorunn: Antependiet fra Utstein kloster og en mektig slektskrets fra siste del av 1600-årene. I: Stavanger museums årbok. 1962
  • Hals II, Harald: Et bidrag til Utsteins klosters bygningshistorie. I: Rogaland historielag. Årshefte. Nr. 21. 1935
  • Haug, Eldbjørg (red.): Utstein kloster - og Klosterøys historie. Stiftelsen Utstein kloster, 2005
  • Hommedal, Alf Tore: Utstein klosters restaureringshistorie. NIKU, 2001
  • Lange, Christian: De norske klostres historie i middelalderen. Chr. Tønsbergs forlag, 1856
  • Lexow, Jan Hendrich: Utstein kloster i middelalderen. I: Årbok. Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring. Nr. 141. 1987
  • Lexow, Jan Hendrich: Utstein kloster etter reformasjonen. I: Stavanger museums årbok. 1961
  • Lexow, Jan Hendrich: Utstein kloster. Fører. Stiftelsen Utstein Kloster, 2. utg. 1995
  • Schanche, Eilert: Utstein kloster. Livet på den gamle slektsgården. Eget forlag, 1973
  • Stige, Morten: Klosterkirken på Utstein. Ny bygningskronologi. I: Årbok. Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring. Nr. 152. 1998
  • Storemyr, Per: Dokumentasjon av skipets vestportal på Utstein klosterkirke. Nidaros domkirkes restaureringsarbeider, 2001
  • Sunnanå, Vilhelm: Utstein kloster. I: Frå bygd og by i Rogaland, 1960
  • Sunnanå, Vilhelm: Utstein kloster. I: Stavanger Turistforenings årbok, 1965