Holstein

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Schleswig-Holstein, med den historiske grensa mellom dei to hertugdømane langs elva Eider. Lauenburg i det sørøstlege hjørne vart lagt til Holstein i 1815.
Foto: Wikimedia Commons
Dansk grensestein i Pinneberg, Holstein.

Holstein er eit tidlege hertugdøme, og nåverande område i Nord-Tyskland, innafor nåverande delstat Schleswig-Holstein og omfatta område mellom elvene Eider i nord, Elben i sør og Schaale i øst. Området er kjent i Noreg særleg i samband med den betydelege utkommanderinga dit av norske soldatar til vakthald på det som den gongen var den danske sørgrensa under sjuårskrigen (også kalla den prøyssiske sjuårskrigen) i åra 1758-1762 (1763). Danmark-Noreg var nøytrale i krigen, men kongen og regjeringa i København fann det altså nødvendig å mobilisere betydeleg troppestyrkar til grensevakthald. I dei periodane Holstein var under dansk styre, herska den danske kongen over Holstein som tysk hertug, ikkje som konge over Danmark.

Området er også kjend som opphavsområde for fleire norske slekter. Holstein og Slesvig til saman kallast ofte berre Hertugdøma. Dei vart avstått til Østerrike etter det danske nederlaget i Andre slesvigske krig i 1864, men kom under Preussen etter Den østerriksk-prøyssiske krig to år senere og Schleswig-Holstein vart oppretta som ein provins i Preussen frå 1867 og har sidan vore tysk.

Grensevakthaldet

Krigsoppsetningsplan for den dansk-norske armé i Holstein, ca. 1760.

I mai 1758 gjekk det ut kongeleg ordre til øvstkommanderande for den norske hæren om at desse avdelingane skulle settast opp opp og overførast til grensa:

Nedovertransporten skjedde i løpet av sommaren 1758, og i august var i alt 7 332 mann av dei norske avdelingane på plass. Etter kvart var òg styrkar frå andre avdelingar utkommanderte, m.a. også matrosar til flåten.

Det var ikkje berre soldatar som vart sendt. Kvart dragonkompani fekk ordre om å ta med konene til tre og kvart infanterikompani fire av soldatane. Desse skulle hjelpe til med matlaging, reparasjon og vask av kleda til soldatane og stell under sjukdom.

Det kom ikkje til ordinære krigshandlingar under den perioden dei betydelege norske troppestyrkane stod i Holstein, men sjukdom tok livet av mange norske soldatar. Av dei totalt ca 12 000 utkommanderte frå norske hæravdelingar er det rekna ut at ca 3 000 døydde der nede, altså 25 %.[1]

Verknader

Vaktoppdraget i Holstein vart formelt avslutta hausten 1762, men dei siste avdelingane var ikkje heime i Noreg att før ut på våren 1763. I mange bygder er det nedskrive minne om desse «Holstein-karane», m.a. i Trysil, Hallingdal og Gudbrandsdalen. Ivar Kleiven nemner desse karane i bygdebøkene han skreiv om Vågå, Østre og Vestre Gausdal og Lesja. Han peiker på at fleire av dei hadde nyttig fagkunnskap med seg heim att, m.a. om korleis dei kunne lage klokker. Frik Hougen legg vekt på at Holstein-mennene stimulerte leseinteressa, da dei kom med «itte saa reint få bøk».[2] Somme stader, til dømes i Tresfjord i Romsdalen[3] og Aurskog og BlakerRomerike,[4] heiter det i den lokale tradisjonen at dei fyrste potetene i bygda kom med Holstein-karane.

Utgiftene til utkommanderinga og opprustninga var grunngjevinga bak ekstraskatten 1762. Dette pålegget førde til omfattande skattenektaraksjonar og oppreister fleire stader i landet, særleg i Hordaland (Strilekrigen), i Romsdalen og på Nordmøre.

Holstein som stadnamn i Noreg

Fleire stader på Austlandet vart det rydda småbruk og husmannsplassar som fekk namnet Holstein. Fleire av desse vart bygd opp på slutten av 1700-talet, altså stutt tid etter at vaktoppdraget i Holstein vart avslutta. Det er difor svært sannsynleg at namnegjevarane har vore inspirerte av hendingane i det dansk-tyske landskapet. Slike oppkallingsnamn er ganske vanlege, men det er ikkje støtt det konkrete grunnlaget for namnegjevinga er like lett å sjå som i dømet Holstein. Namnegranskaren Margit Harsson meiner jamvel at somme Holstein-plassar kan ha vore rydda eller busette av Holstein-karar.[5] Under er det ei liste over Holstein-stader i Aust-Noreg:

Slekter av holsteinsk opphav i Noreg

Referansar

  1. Kiærland 1961.
  2. Hougen 1935, s. 297.
  3. Skeidsvoll 1959.
  4. Heyerdahl, side 16.
  5. Harsson 2001, s. 29, 194 og 264.
  6. «Butenschøn» i Store Norske Leksikon. «Bramsted» er sannsynlegvis eintydig med Bad Bramstedt om lag 20 km. aust for Itzehoe.
  7. «Holst» i Store norske leksikon
  8. «Irgens» i Store Norske Leksikon.
  9. «Keilhau» i Store Norske Leksikon. Det er tre steder i den nåværende delstaten som Schleswig-Holstein som heter «Horst», det er uvisst hvilket det dreier seg om.
  10. «Nissen – slekt fra Holstein» i Store Norske Leksikon.
  11. «Schweigaard» i Store Norske Leksikon.
  12. Johan Siebke i Norsk biografisk leksikon
  13. «Wedel – slekt» i Store Norske Leksikon

Kjelder og litteratur