Ternes (Fedje gnr 168 bnr 55)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Ternes (Fedje gnr 158 bnr 55)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ternes
S173.168.55.CD 08 020.jpg
Smiholmen bnr 55 rundt 1940.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 55
Adresse: Mulevegen 79

Ternes er ein bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Ole Monsen Uthaug f. 1885 (gnr 168 bnr 20-8h) d. 1963 g. 1906 m. Karen Olsd f. 1881 Haukås, Lindås d. 1960 (jf Lindåsb. III s 364, dotter av Ola Knutsen f. 1855 og Kristi Monsd f. 1848, ho var søster til Mikkel Monsen Kvalvåg f. 1850, sjå Kremmarholmen gnr 169 bnr 1-4). Skøyte 1932 for 500 kr på tomt frådelt gnr 168 bnr 20 same året. Huset vart bygd i 1933. Det stod tidlegare ei sjøbu her. Familien kom til Fedje i 1931, og budde på Skarvøyna (gnr 168 gnr 39) mens dei bygde huset her. Ole var bakar, først på Fedje der dei fire eldste borna er fødde, familien budde då hjå foreldra hans. I 1914 flytta dei til Hernar i Øygarden der dei tre yngste borna er fødde. I 1926 fór dei til Bulandet i Askvoll, Sunnfjord (sjå Askvollb. IIB s 780), før dei kom tilbake til Fedje om lag 1933.

Born: a. Olav Karstein Uthaug f. 1906 d. 1969 g. 1940 m. Gjertrud Hitland f. 1910 Åsane i Bergen d. 1991, bygde i Sulo gnr 169 bnr 54-1. b. Olga Marie Uthaug f. 1908 d. 1984, ugift, sydame, budde i Bergen. c. Malvin Mikal Uthaug f. 1911 d. 1981, neste eigar (2). d. Oddleiv Kristoffer Uthaug f. 1912 d. 1975 g. 1937 m. Karoline Kjeilen f. 1914 Lindås d. 1997, bygde på Smineset gnr 169 bnr 37-1. e. Hildur Kristofa Uthaug f. 1915 d. 1977 g. 1946 m. August Roos Ekanger f. 1918 Arna i Bergen d. 2003 (bror til Josefine g.m. c.), begge tekstilarb., busette der (jf Hausb. IV s 129 og 190), dotter ea. Karin Ekanger f. 1948, sjå Hesteneset gnr 169 bnr 121. f. Marie Kristense Uthaug f. 1919 d. 2006, ugift, barnepleiar, bustad Åsane i Bergen. g. Håkon Einar Johan Uthaug f. 1924 d. 2000, fabrikkarb., g. 1951 m. Bergljot Hesjedal f. 1923 Vaksdal d. 1976 (jf Vaksdalb. III s 237), bustad Arna i Bergen.

Bilde frå 2016. Framme til venstre ligg Smiholmen med Sulo, Mulen og Kremmarholmen bak. Bakarst er Skotholmen og Moldøyna, og til høgre den tette busetnaden med kyrkja sentralt.
Foto: Arne Wiken

2. Malvin Uthaug f. 1911 på dette bruket (1c) d. 1981, fiskar, g. 1947 m. Josefine Kristina Karolina Ekanger f. 1916 Arna i Bergen d. 2002, budde først der (sjå Hausb. IV s 129 og 194). Ingen born. Skøyte her i 1954 for 2000 kr og kår til nr 1. Josefine selde eigedomen i 1985 og flytta til Arna.

3. Ernst Kaare Horgen f. 1954 Bergen, den første distriktslegen på Fedje frå 1982, kommunelege frå 1984, seinare kommuneoverlege og fastlege til 2021 samt rådgjevande overlege i NAV, g. 1974 m. Torill Hermansen f. 1954 Bergen, adjunkt med opprykk, fekk skøyte her i 1985. Tidlegare budde dei på Husa (gnr 168 bnr 269-2).

Born: a. Camilla Horgen f. 1975 g. 1998 m. Magnus Ove Berg f. 1972 (gnr 168 bnr 21-14a), bustad Bergen. b. Ole Martin Horgen f. 1983, bustad Moldøyna (gnr 170 bnr 6-17). c. Hans Jacob Horgen f. 1985 g. 2014 m. Anna Kringlen Ervik f. 1987 Bergen, bustad Sandvika i Bærum. d. Abraham Horgen f. 1990, bustad Førde i Sunnfjord.


Fedje komm.svg Ternes (Fedje gnr 168 bnr 55) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Smiholmen (Fedje) • Neste bolk: Mulevegen 73 (Fedje gnr 168 bnr 326)