| Om Hardanger
|
Utsyn frå hagen til Sandven hotell i Norheimsund. Foto: Leif-Harald Ruud (2023)
Vøringsfossen i Eidfjord kommune. Foto: Stig Rune Pedersen (1999)
Hardanger er eit distrikt langs og ved Hardangerfjorden i Hordaland. Det strekk seg frå Kvinnherad i vest til Eidfjord i aust, og i tillegg sørover langs Sørfjorden. Det er fire kommunar i distriktet: Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang. I tillegg har tidlegare Granvin herad, som sidan 1. januar 2020 er ein del av Voss herad, vore ein del av Hardanger.
Landskapet er prega av fjell, breer, fosser og fjordar, noko som trekk mange turistar til området. Hardanger er òg kjend for fruktdyrking, som ein meiner har tradisjonar attende til engelske munker som byrja å dyrke frukt der på 1300-talet. Omkring 40% av frukt som produserast i Norge er frå Hardanger.
Folk frå Hardanger blir kalla hardinger, og målet deira blir kalla hardingemål (utt. haring). Les mer ...
|
|
|
| Smakebitar fra artiklar
|
Claes Gill (til høyre) sammen med Erik Bye under et tv-program i 1962. Foto: Johan Brun (Dagbladet)/Norsk Folkemuseum.
Claes Daniel Gill (født 13. oktober 1910 i Odda i Ullensvang kommune, død 11. juni 1973 i Oslo) var forfatter, skuespiller, instruktør og teatersjef. Etter en omstreifende tilværelse i yngre år, blant annet i USA, debuterte Gill som lyriker i 1939. Senere virket han som skuespiller og teatersjef, blant annet ved Rogaland teater. Etter tiden i Rogaland var Gill frilansskuespiller og -instruktør og var mye brukt som oppleser av norsk og utenlandsk poesi. Han var også oversetter av teaterstykker. 1962-1964 var han fast knyttet til Odense Teater. Gill spilte også i to filmer av Arne Skouen, Det brenner i natt (1955) og Herren og hans tjenere (1959). Les mer …
Vegen gjennom Måbødalen er bratt og krevjande, og bremsesvikt på bussen vart fatalt i 1988. Biletet er frå ei tidligare tid, teken kring 1948-51. Foto: Ukjend/Nasjonalbiblioteket Måbødalsulykka var ei bussulykke som fann stad ved utløpet av Måbøtunnelen i Eidfjord den 15. august 1988. Det var ein svensk buss med skuleborn og foreldre frå bydelen Kista i Stockholm som var på veg til Bergen for å ta båt til Shetland som køyrde i fjellveggen etter å ha mista bremsane. Seksten menneske omkom, og av dei var tolv born i elleve–tolvårsalderen. Atten vart skadd.
Riksveg 7 gjennom Måbødalen i Eidfjord kommune er ei krevjande strekning med åtte prosent stigning og mange sløyfar. På veg ned bakken merka sjåføren at han ikkje lenger hadde verknad i bremsane i tunnelen. Han gira ned, men giret kopla ikkje inn og drivverket gjekk i fri. Dermed verka heller ikke hjelpebremsen, retarden, som ein har på tyngre køyretøy. Bussen hadde vore gjennom ein teknisk kontroll i mai 1988. Det viste seg etter ulykka at det var skjulte feil i bremsane, som ikkje vart fanga opp i kontrollen. Les mer …
Hardanger Fartøyvernsenter sin logo
Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) er ei stifting som samstundes er både eit museum og eit levande verft i Norheimsund i Hardanger. Stiftinga vart etablert i 1984 og har mange ulike tenester innan fartøyvern, nybygging og restaurering av klinkbygde småbåtar, og museumsverksemd. Ho er óg aktiv innanfor attføring av vanskelegstilt ungdom, lærlingeplassar, leirskule og reiseliv. Sidan 2007 er senteret ei eining i Hardanger og Voss museum. Norsk Kulturarv tildelte HFS og SJ «Mathilde» Olavsrosa i 1999.
Verftet er navet i HFS sin verksemd. Her gjeras det praktiske restaureringsarbeidet, ofte er det store og krevjande restaurerings- og dokumentasjonsoppdrag. Restaureringa fylgjer antikvariske retningsliner, så lite som mogleg skiftes ut og det som vert skifta blir erstatta av material med same kvalitet og lik handverksmessig utføring som det gamle. Målsetjinga er at fartøya skal vernast som flytande kulturminne. Eit anna viktig mål er å føre handverkskunnskapen som elles ikkje er aktuell i vanlege kommersielle samanhengar vidare. Les mer …
Strandebarmer fembords færing. Foto: Carl Henrik Lampe
Strandebarmer eller strandebarmsbåt er betegnelse på en robåttype fra Strandebarm i Hardanger, altså en av de sørvestlandske robåttypene. Den oppsto i begynnelsen av 1900-tallet. Den kan ha fra tre til fem bordganger. (4 bord på hver side og det nederste bordet med stor bredde brukes i flere distrikter på Sør-Vestlandet, og er så distinkt at man kan snakke om en egen type båt, 4-bords Sør-Vestlandsbåt, altså en lokaltype med langt større utbredelse enn de gamle lokaldistriktene.) Strandebarmerne har visstnok ”alltid” vært ekstra brede og dype og med lavt spring i forhold til båter fra Indre Hardanger, Oselvere og så videre, men også Strandebarmerne ble i gamle dager (for det meste?) bygd av kun 3 bord på hver side, som de fleste andre båter på Sør-Vestlandet. Vaterbord og skvettlist ble også ofte bygd på en Strandebarmsbåt, ofte av båtbyggeren selv. Les mer …
|
|
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Hardanger
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|