Gjermund Nilsson Skaar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Til venstre: Dr. philos. Wollert Konow, brukseigar og stortingsrepresentant frå Fana. Til høgre: Bonde Gjermund Nilsson Skaar. Illustrasjon henta frå boka Hordaland fylke 1837-1937

Gjermund Nilsson Skaar (fødd 1814 i Vikør, død 1892) var fotograf, politikar, treskjærar, gardbrukar og stortingsrepresentant. Han var son av gardbrukar Nils Gjermundsen Skaar og Elseber Torgersdotter på Skår ved Fyksesund.

Gjermund Skaar prøvde seg på mangt og mykje gjennom sitt lange liv. Han interesserte seg for politikk, lovgjeving, naturfag, estetikk og religionsfilosofi - var dessutan kunstmålar og treskjerar og prøvde seg også ein tid som organist. 27 år gamal kom han med i heradsstyret, og blei ordførar 1844-57 og tingmann fra 1850./ Lensmann i Vikør fra 1856. I 1855 kom ei rekkje sorger og ulykker over han. Han satte seg i gjeld, forsynte seg av offentlige midlar, og blei i 1857 fjerna frå stillinga si. Så måtte han i fengsel i fire år, og det var under dette opphaldet på Akershus landsfengsel at han lærte å fotografere.

Då han kom attende, fekk han ein husmannsplass, bygde seg ei hytte og ernærte seg resten av livet som fotograf, treskjerar, dagarbeidar, kyrkjetenar og gravar. Frå ca. 1861 til 1871 var han fotograf i Øystese, og reiste mykje rundt i bygdene og fotograferte. Platearkivet hans endte i Ulvik, der det forsvann under tyskarane si bombing i 1940.

Han var gift med Ragna Jansdotter (f. omkr. 1813 i Vikør). I folketeljinga 1865 finn vi paret med to søner på Øystusyn i Vikør.

Kjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Gjermund Nilsson Skaar er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.