| Smakebitar fra artiklar
|
Fitjar Skulekorps i Fitjar kommune i Hordaland vart stifta i 1960. Ved oppstart hausten 2021 var det totalt 42 musikantar i skulekorpset. Seks av desse var aspirantar. Aspiranttida varer i eit skuleår.
Dirigent for korpset og instrumentalpedagog for alle messinggruppene er Svenna Koppang. Les mer …
Amund Bentzen, bildet er utstilt i Singsås kyrkje. Foto: Singsås menighetsråd/Støren kirkelige fellesråd.
Amund Nøkleby Bentzen (fødd 17. mai 1903, død 19. mai 1969) var ein teolog og gardbrukar frå Hakadal. Han var sokneprest i Kjerringøy og Haltdalen. Under andre verdskrigen var han lokal leiar innanfor motstandsrørsla.
Under andre verdskrigen var Amund Bentzen leiar for Heimefronten i øvre Gauldal. Han vart arrestert av tyskarane i februar 1945, og utsett for særs harde påkjenningar under fangenskapet. På grunn av dette fekk han seinare problem med helsa. Ved Haltdalen kyrkje er det reist ein minnestein over Bentzen for innsatsen han gjorde i krigsåra. Les mer …
Båtbyggeriet i Lunde produserte lystfartøy på 1920- og 1930-talet, inntil marknaden for slike båtar svikta. Truleg eit postkort frå 1930-talet.
Lunde Båtbyggeri på Tysnes i Sunnhordland vart etablert i 1912 og var i drift til 1967. Johannes M. Lunde både eigde og dreiv verksemda. Han bygde først båtar ute i Skutevikjo, på den andre sida av Lundavågen. I heilt unge år var Johannes M. Lunde nokre få turar på Nordland, før han byrja reisa utanriks i 1900. Året etter mønstra han av i New York. Her gjekk han på bygnings- og skipsverftsarbeid, i tillegg til teknisk kveldskule. Så kom han heim i 1910, gifta seg og byrja med båtbyggeriet i Skutevikjo.
Tidene var ofte dårlege for verven. Han måtte fleire gongar ta seg hyre til sjøs for å få endane til å møtast, forutan fleire nye opphald i USA. Først i 1935 kom det fart på båtbyggeriet i Lunde att, som han dreiv fram til han døydde i 1954, då sonen Olav overtok. Les mer …
Onarheimskyrkja då ho stod nybygd i 1893.
Onarheim kyrkje i Tysnes kommune vert første gongen nemnd i skriftlege kjelder i 1327, men mellomalderdelen som stod fram til 1819, må ha vore monaleg eldre. I 1820 vart kyrkja rive, berre koret vart ståande att. Fram til den noverande kyrkja vart bygd i 1893, låg dei gamle steinmurane rundt ei lita steinkyrkje utan tårn. I 2011 vart kyrkja kulturkyrkje i Tysnes, og ei rekkje gjenstandar frå den eldre kyrkja er stilt ut. I dokument frå 1686 og 1721 vert dei delane av kyrkja som må vera dei delane som stamma frå mellomalderen, oppgjevne til å vera 15 alen lang x 19 alen lang, dvs. 9.4 x 11.9 m. Breidden vart i 1721 oppgjeve til å vera 16 alen (10 m). Om ein skal samanlikna med andre mellomalderkyrkjer i Sunnhordland, vil dette seia at kyrkjerommet var noko mindre enn skipa i Fitjar og Moster, men større enn i Stødle kyrkje i Etne.
I det tidsrommet Onarheimsgildet eksisterte, var kyrkja også gildet si kyrkje. Ho må såleis ha stått sentralt under olsokfeiringa, og skal då også ha bore namnet Olavskyrkja, vigd til Olav den heilage. Les mer …
Garden Lilleheie på Tysnes i Sunnhordland. Foto: Kopiert frå Mindernes bok, 1939. Lilleheie er ein gard i Uggdal i Tysnes kommune, Sunnhordland. Frå denne garden utvandra i 1890-åra ein heil familie til USA som skulle koma til å setja sitt preg på det norskamerikanske miljøet. På folkemunne har det vorte sagt at ingen annan einskild norsk familie har hatt ei slik innflyting på det amerikanske samfunnet som nett Lilleheie-folket. Av dei sju sønene som kom til Amerika, utan andre kunnskapar enn det vesle dei hadde fått med seg frå ein landsens bygdeskule, vart fleire akademikarar og forfattarar, innan fag som medisin, språk, filosofi og teologi. Frå desse har det gått ut fleire generasjonar vitskapsfolk, akademikarar og prestar - mellom dei dr. C. Walton Lillehei, som var den første kirurgen i verda som utførte ein open hjarteoperasjon. Les mer …
Kvinner frå Tysnes i Sunnhordland med svarthuve. Biletet er teke ca. 1920- eller 1930-åra. Gyri Vevatne (1856-1936) og søstera Anna (1860-1937).
Svarthuve, også kalla Tysnes-huve, var eit hovudplagg for kvinner som var mykje nytta på Tysnes i Sunnhordland på 1800-talet og fram til ca. 1930-åra. Huva vart brukt til kvardags og helg. Huvene var laga av ulltøy, klede eller vadmål, og fôra med lerret, ullflanell eller anna stoff. Til stor stas kunne det vera fløyelshuver.
Huva er sett saman av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke. Breidde bak kunne vera frå om lag 26 til 36 cm. Fram- og bakstykket er sydd saman med maskin, eller med atterstyng for hand på dei eldste huvene. Sårkanten er synleg inni huva. Huva er kanta nede med eit smalt band, som også er løpegang for snor til å regulera vidda på huva. Les mer …
|
|
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Sunnhordland
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|